Nynorsk redaktørpris 2013 (Foto: Berit Rekve/ Mediemållaget)
18. oktober 2013

Nynorsk redaktørpris 2013

Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten (59), får Nynorsk redaktørpris 2013. Prisen vert tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk.

– Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

I grunngjevinga heiter det at gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanninga av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt.

Alltid jobba for nynorsken

Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet med korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak, skriv Mediemållaget i ei pressemelding.

– Eg er veldig glad for denne prisen. Eg har alltid jobba for nynorsken, seier Magni Øvrebotten til Nynorsk pressekontor.

– Tøft for nynorskbrukarar

Øvrebotten har bakgrunn frå Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho seinare blei redaksjonssjef og distriktssjef. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.

– Det kan vera tøft å vera nynorskbrukar i media. Det er ikkje tilfeldig at mange av nynorskjournalistane hamnar i NRK, TV 2 eller lokalaviser. Ein kan ikkje jobba i Dagbladet om ein vil bruka nynorsk, seier prisvinnaren.

«Sta stubbebrytar»

Ho har gjennom ni år som leiar av Nynorsk mediesenter lært opp 90 journaliststudentar.

– Eg har hatt ein finger med i spelet for mange karrierar. Det er eg stolt av. Det er kjekt å følgja med på korleis det går med journalistane, seier Øvrebotten.

I grunngjevinga for prisen blir ho omtala som «ein sta stubbebrytar» for nynorsken.

– Eg er absolutt sta. Og eg har sterk vilje. Det har hjelpt meg mykje. Eg trur alle som kjempar for nynorsken må vera både sta og viljesterke, avsluttar Øvrebotten.

(NPK-Monica Lindanger): (©NPK)

Desse har fått Nynorsk redaktørpris tidlegare:
2012 Ansvarleg redaktør for Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard

2011 Redaktør for Syn og Segn, Bente Riise.

2010 Sjefredaktør for motemagasinet Elle og Elle Interiør, Signy Fardal.

2009 Redaktør/dagleg leiar Christian Fredrik Stabell, Os og Fusaposten

2008 Sjefredaktør Arne Sigurd Haugen, Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør/administrerande direktør Pål Bjerketvedt, Norsk Telegrambyrå

2007 Sjefredaktør Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

2006 Distriktsredaktør Per Arne Kalbakk, NRK Østlandssendingen

2005 Sjefredaktør Tove Lie, Nationen

2004 Sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør Cathrine Sandnes, Dagsavisen.