25. april 2014

Nynorskdag med kulturministeren

Tysdag 29. april vitjar kulturminister Thorhild Widvey nynorskfylket Sogn og Fjordane. Ho er invitert hit for å få innsyn i kvifor og korleis nynorsken står så sterkt i Sogn og Fjordane.

Kulturministeren skal snakke om språkpolitikk for framtida. Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, orienterer om språkfylket Sogn og Fjordane, professor Øystein Vangsnes tek føre seg forsking kring det å vere tospråkleg, og i tillegg vert det innleiingar om nynorsk i offentleg og privat verksemd, media og kulturliv i Sogn og Fjordane.

I bolken om media fortel Magni Øvrebotten om den sterke satsinga NRK Sogn og Fjordane hadde på nynorskbrukande journalistar, som enda opp med skipinga av NRK Nynorsk mediesenter for ti år sidan. Arve Sandal driv Nynorsk avissenter, den tilsvarande satsinga i Firda, og snakkar om kva som må til for at dei skal kunne halde fram. Og redaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, tek føre seg stoda for media i fylket i dag og prøver å sjå inn i framtida.

Nestleiaren i kulturutvalet og leiar for «nynorskfylket»,  Jan Olav Fretland, snakkar om kva som må til for at Sogn og Fjordane skal halde fram med å vere verdas beste nynorskfylke, og kulturministeren oppsummerar til slutt med kva inntrykk ho tek med seg heim.

Heile programmet finn du her.