3. september 2009

Nynorskens skog

Tysdag feira Nynorsk mediesenter sitt 5-årsjubileum, og i høve det vart det skipa til ein konferanse om mangfald i NRK her i Førde. Kvelden før vart vi inviterte med på jubileumsmiddag på Rica Sunnfjord hotell, og plutseleg var eg i same rom som kringkastingssjefen Hans-Tore Bjerkaas, fleire DK-sjefar, nestleiar i NRK-styret Valgerd Svarstad Haugland og […]

Tysdag feira Nynorsk mediesenter sitt 5-årsjubileum, og i høve det vart det skipa til ein konferanse om mangfald i NRK her i Førde. Kvelden før vart vi inviterte med på jubileumsmiddag på Rica Sunnfjord hotell, og plutseleg var eg i same rom som kringkastingssjefen Hans-Tore Bjerkaas, fleire DK-sjefar, nestleiar i NRK-styret Valgerd Svarstad Haugland og direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim med fleire. «Desse som vi andre berre kjenner frå fjernsyn», som mor mi så fint sa det.

Lomheim

Eg fekk også mingla litt med tidlegare praktikantar, og høyre om deira erfaringar frå Førde og kvardagen deira i dag. Alle har spanande jobbar, nokre på høgt nivå.

På konferansen dagen etter slutta artist Oddvar Torsheim, P3-sjef Tone Donald, leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård og enno fleire seg til oss. Torsheim opna showet med framføringa av «Nynorskens skog», fritt etter «Norwegian Wood».

Tenkt alt som er gjort av gildt og av stort

I nynorskens skog

Mitt val er no gjort, eg vil ikkje bort

Frå nynorskens skog

Vi praktikantane hadde alle fått ulike oppgåver. Eg fotograferte, noko eg likte særs godt, sjølv om eg følte meg litt liten omringa av så mange dyktige kollegaer. Føredragshaldarane tok opp mange viktige ting angåande nynorskbrukarar sin jobbsituasjon i NRK, i tillegg fekk vi høyre leiar Marianne Mikkelsen og stipendiat Jathushiga Raja frå NRK FleRe snakke om det å vere fleirkulturell og journalist.

Raja

Kringkastingssjefen lova på slutten av konferansen ei betre oppfølging av praktikantar frå Nynorsk mediesenter, så det blir spanande å sjå korleis arbeidssituasjonen blir for oss etter endt praksis.

 sara_konferanse