Nynorskfolket

Nynorskfolket

Jan Olav Fretland, medlem av prosjektgruppa og fast førelesar for Nynorsk mediesenter. 1. amanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

Jan Olav Fretland, medlem av prosjektgruppa og fast førelesar for Nynorsk mediesenter. 1. amanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

«Eg er faktisk ikkje så reint lite stolt av å ha ein finger med i spelet hjå NRK Nynorsk mediesenter».

 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag (Foto/ Noregs Mållag)

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag (Foto( Noregs Mållag)

 « 15. august i år leverte Proba analyse ein rapport skriven på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Rapporten konkluderer med at omfanget av bokmål i ålmenta er avgjerande for om elevane i randsonene for nynorsken byter frå bokmål til nynorsk. Elevane opplever at ”alt” er på bokmål: ”Et unntak som trekkes frem er NRK, men andelen nynorsk anses som lav også der”.

Fem dagar etter rapporten kom ut, tidleg på dagen, har NRK.no seks nynorsksaker på framsida. Halvparten av dei er skrivne av tidlegare nynorskpraktikantar. Det er lett å tenkje korleis den viktigaste nyhendekjelda for svært mange hadde sett ut utan Nynorsk mediesenter. Seks av 87 saker er ikkje nok, men det er ikkje Nynorsk mediesenter sin feil».

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, medlem av prosjektgruppa og fast førelesar   i NRK Nynorsk mediesenter. Han er styreleiar i Språkrådet. (Foto: Berit Roald/NTBScanpix)

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, medlem av prosjektgruppa og fast førelesar i NRK Nynorsk mediesenter. Han er styreleiar i Språkrådet. (Foto: Berit Roald/NTBScanpix)

 

« NRK Nynorsk mediesenter har greidd det ingen før har fått til i norsk kulturhistorie: ei stabil utvikling av journalistiske talent på nynorsk over mange år».