• Du er her: »
  • Aktuelt »
  • Nynorskpraktikant - ei reise i journalistikken og i Sogn og Fjordane
13. april 2014
av Magni Øvrebotten

Nynorskpraktikant – ei reise i journalistikken og i Sogn og Fjordane

No har vi under ein månad igjen her i Førde, og tida flyg verkeleg. Det har vore tre spennande månadar så langt, og vi har lært mykje.

No er vi allereie kome over halvvegs i den interne praksisen, og tida her i Førde berre flyg forbi. For min del har det vore tre spennande månadar så langt. Til no i den interne praksisen har eg vore på radio, nett og no er eg på radio-sending. Dei to siste vekene skal eg også få prøve meg på TV, det gler eg meg til. Og så er det over og ut for tida her i Førde. Då skal eg vidare til NRK Møre og Romsdal for ekstern praksis i to månader og deretter sommarjobb.

bilde 1

Eg, Guro og Halvor var på Langeland ski og fritidssenter og laga nettsak med video.

Å vere nynorskpraktikant er verkeleg eit hurtiggkurs i journalistikk, og vi får lære utruleg mykje. Og ikkje minst, vi får oppleve utruleg mykje.

Sjølv har eg fått reist mykje rundt i Sogn og Fjordane, fått delta på mange ulike arrangement som for eksempel Treskifestival i Stryn, nettverkssamling på Åmot Operagard og fylkesmønstringa i UKM her i Førde. Og forrige torsdag var eg i Lavik og fekk omvising på bygginga av nye E39 Lavik ferjekai. Ein kan trygt seie at ein får vere med på litt av kvart som nynorskpraktikant.

bilde 5

Forrige torsdag var eg og Guro i Lavik for å sjå på bygginga av E39 Lavik ferjekai.

Det vil ta for lang tid å ramse opp alt ein har fått lære og gjere som nynorskpraktikant. Men ein ting er sikkert. Vi har fått ei veldig god innføring i journalistikk, i tillegg til ei opplæring i alt det tekniske utstyret ein god journalist må ha kontroll over. Foto, video, lydopptak, redigering og skriving. Det er fantastisk kor mykje ein kan lære på fire korte månadar. Og ikkje minst gøy! 😀