Nynorskpraktikantane

Nynorskpraktikantane

–   Etter å ha intervjua trauste sunnfjordingar vert det leikande lett å snakke med maktpersonar i regjeringsapparatet

 Sitatet er frå Jonas Sætre si vurdering av tida som nynorskpraktikant i Førde, og det er nok ei røynsle mange av dei 99 andre også har. Å bli send på dør med mikrofon for å lage enquét i Førde er ingen jobb for pyser.

Trass i 35 år med eige distriktskontor, og 10 år med ti nynorskpraktikantar i året, er sunnfjordingen framleis ikkje lett å be om eit intervju. Du må fyrst få han til å stogge, deretter må han overtalast og han seier ikkje meir enn høgst nødvendig, og knapt nok det.

Det er så langt det går an å kome frå verdas lettaste journalistjobb: å intervjue damer med hatt på Fisketorget i Bergen. Der er du mest garantert eit godt resultat, det er du ikkje i Sunnfjord.

Men sunnfjordingen brukar nynorsk og blir fykjen over at praktikanten også gjer det. For mange nynorskpraktikantar er dei fire månadane i Førde ei ein-gong- i- livet-oppleving av at nynorsk er det naturlege spåket, både for folk flest, i redaksjonen, i media, offentleg styre og stell, reklame og i dagleglivet rundt dei. Det styrkjer den språklege ryggrada deira og gjer dei meir stolte av språket sitt.

Her ser 24 av 100 nynorskpraktikantar seg attende, frå kull 1 til kull 20:

Svein-Ove-Hansli

Svein Ove Hansli (Foto/NRK)

« Eg reiste frå Førde som ein stolt og rakrygga nynorskbrukar».

Svein Ove Hansli, telemarking, redaksjonsleiar for økonomi- og politikkredaksjonen i NRK Nyhende.

Solveig Hareide (Foto/NRK)

Solveig Hareide (Foto/NRK)

«Eg er imponert over kor mykje dei let oss gjere i praksisen i NRK Sogn og Fjordane. Det var rett på lufta etter ein kort og effektiv læringsperiode».

Solveig Hareide, florøjente, programleiar for fleire barne- og ungdomsprogram NRK1/Super. Klar for «Hjernekamp» i NRK1

Gisle Forland (Skjermdump/NRK)

Gisle Forland (Skjermdump/NRK)

« Nynorsk mediesenter var for meg ei dør på gløtt. På nokre hektiske månader rusta Nynorsk mediesenter meg til eit langt liv som journalist. Kunnskapen, kompetansen og folka ved senteret er ein skatt».

Gisle Forland, nordlending, vaktsjef/reporter/tv-programleiar i NRK Nordland

(Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Erlend Blaalid Oldeide (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

« Eg har verdas beste jobb. Takka vere ein framifrå opplæringsinstitusjon på eit loft i Førde».

Erlend Blaalid Oldeide, nordfjording og journalist/programleiar i NRK Sogn og Fjordane

Ingrid-Hognaland

Ingrid Hognaland

» Nynorsk mediesenter gav meg ei god og grundig opplærings i journalistikk og opna dermed ei dør inn til journalistyrket for meg. Eg ser ikkje vekk frå at eg vender attende til det».

Ingrid Hognaland, rogalending, økonomiforskar/analytikar i Forsvarets forskingsinstitutt. arbeidde som avis- og nettjournalist før og under studiane

Foto: Nina Didriksen/NRK

Ragnhild Bjørge (Foto: Nina Didriksen/NRK)

 «Takka vere at Nynorsk mediesenter hadde trua på meg fekk eg jobba sju år i nyheitsredaksjonen i NRK. Og kanskje hadde eg heller aldri vorte språksjef i NRK om ikkje de hadde våga å satse på meg?» Høyr helsinga her.

Ragnhild Bjørge, hordalending og språksjef i NRK

Ivar Folkedal (Foto/DN)

Ivar Folkedal (Foto/DN)

«NRK Nynorsk mediesenter kasta meg ut i praktiske utfordringar, opna dører og gav med gode råd om å satse digitalt. I ein pressa bransje med store omstillingar er eg i dag ettertrakta arbeidskraft».

Ivar Folkedal, frå Hallingdal, er frontredigerar i Dagens Næringsliv:

Eva Marie Felde (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Eva Marie Felde (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Eva Marie Felde, nordfjording og journalist i NRK Sogn og Fjordane. Sende helsing frå bilen, på veg til morgonvakt.

Elin Thinvoll Berge

Elin Thinvoll Berge

 «Nynorsk mediesenter gav meg ein unik sjanse til å læra journalistyrket frå innsida. Vidare fekk eg høve til å jobba som journalist i NRK og ta mange nye og spennande utfordringar».

Elin Thingvoll Berge, sogning og medielærar i Stavanger:

Marit-Holmquist-Fenne

Marit Holmquist Fenne (Foto: Frank Barth-Nilsen/NRK)

«Eg trur eg kan seie at eg verken før eller sidan har hatt eit halvår med tilsvarande bratt lærekurve som i Nynorsk mediesenter».

Marit Holmquist Fenne, romsdaling og journalist på Torget, intranettet til NRK

Magnus-Stokka

Magnus Stokka (Foto/NRK)

«Det er eit kvalitetsstempel å ha bakgrunn frå Nynorsk mediesenter i NRK. Eg trur den bakgrunnen hadde mykje å seia då eg fekk fast jobb i NRK». Stokka er frå Ryfylke og fekk fast jobb i NRK Rogaland same året som han var ferdig som nynorskpraktikant. Journalist og tv-programleiar. Sjå video

Magnus Stokka, ryfylking og journalist/programleiar i NRK Rogaland

Samina Bruket (Foto: Odd Arne Olderbakk/NRK)

Samina Bruket (Foto: Odd Arne Olderbakk/NRK)

 Samina fekk fast jobb i NRK Rogaland etter ekstern praksis der, og vart programleiar i Norge Rundt same hausten. Ho syng helsinga si.

Samina Bruket, jærbu og den fyrste fleirkulturelle nynorskpraktikanten vår, med far frå Pakistan og mor frå Stord.

Siri Kleiven Strøm (Foto/NRK)

Siri Kleiven Strøm (Foto/NRK)

«Eg kan takke Nynorsk mediesenter for at eg er der eg er i dag».

Siri Kleiven Strøm, sogning, journalist og tv-programleiar i NRK Hordaland

Simon Solheim (Foto/NRK)

Simon Solheim (Foto/NRK)

» Eg var 19 år då eg vart nynorskpraktikant og hadde lite livserfaring og fagleg bakgrunn, men tida ved mediesenteret gjorde meg trygg i rolla som journalist».

Simon Solheim, florøgut og journalist i NRK Dagsrevyen

Kristin Selseng Vestreim (Foto: Sandra Mei Ling Noer/TV2)

Kristin Selseng Vestreim (Foto: Sandra Mei Ling Noer/TV2)

«I Nynorsk mediesenter har eg lært å ikkje setje avgrensingar på meg sjølv, men tenke at eg kan klare alt, sjølv om eg aldri har gjort det før.

Kristin Vestreim, sogning og redaktør i produksjonsselskapet Monster

Hilde Zahl (Foto/NRK)

Hilde Zahl (Foto/NRK)

 «Det er intenst, det er hard jobbing, og ingen som syns synd i deg i særleg grad. Nett slik det er i den verkelege journalistverda». Høyr helsinga.

Hilde Zahl, jærbu og programleiar i Kveldsåpent i NRK P1

Jonas-Sætre

Jonas Sætre (Foto/NRK)

 «Etter å ha intervjua trauste sunnfjordingar vert det leikande lett å snakke med maktpersonar i regjeringsapparatet».

Jonas Sætre, frå Stord, journalist i Bergens Tidende

Christian Wiik Gjerde (Foto/NRK)

Christian Wiik Gjerde (Foto/NRK)

Christian Wiik Gjerde, sunnmøring, var programleiar i barnetimen Superblokka i NRK P1, og fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013. Men så vart programmet nedlagt og han vart utan jobb i NRK. No er han lærar. Sjå mobilhelsinga her.

Sondre Dalaker

Sondre Dalaker

«Eg vart vaksen i Nynorsk mediesenter. Det var ei fantastisk rampe rett inn i journalistikken. Sjå mobilhelsing.

Sondre Dalaker sogning, mediestudent og tilkallingsvikar i Stavanger

Katrine Nybø (Foto/NRK)

Katrine Nybø (Foto/NRK)

 »Nynorsk mediesenter opna dører for meg som eg ikkje visste kunne opnast. No sit eg her med draumejobben».

Katrine Nybø, sunnmøring og journalist i NRK Dagsnytt:

Kjersti Hetland (Foto/NRK)

Kjersti Hetland (Foto/NRK)

 «Å bli journalist var lenge ein draum. Eg kan vanskeleg sjå for meg at eg hadde sete her med fast stilling, om det ikkje var for Nynorsk mediesenter».

Kjersti Hetland, jærbu og journalist i NRK Rogaland

Vegard Tjørhom (Foto: Saqib Rizwani)

Vegard Tjørhom (Foto: Saqib Rizwani)

 » Eg har blitt ein meir medviten nynorskbrukar og ein langt betre journalist etter opphaldet mitt i Førde». Videohelsing

Vegard Tjørom, frå Sirdal i Vest-Agder, vikar/tilkallingsvikar i NRK Urix

Lars-duplo

Lars Ivar Nordal (Foto/NRK)

»Nynorsk mediesenter har gjort at eg får jobbe i landets største nyheitsavdeling med det fagfeltet eg kan best, kultur. På mediesenteret lærde eg å bruke verktøya eg treng kvar dag, og eg fekk eit godt grunnlag for det journalistiske handverket.».

Lars Ivar Nordal, sunnmøring og vikar/tilkallingsvikar i Kulturnytt, NRK P2

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (Foto/NRK)

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (Foto/NRK)

 «Eg kan ikkje sjå for meg ein meir variert, spanande og utfordrande arbeidsdag enn den eg har no, takka vere Nynorsk mediesenter». Sjå mobilhelsing.

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen, hordalalending og tilkallingsvikar på nyhende i NRK Trøndelag