28. juni 2013

Nynorskprinsen 2013

Christian Wiik Gjerde jubla under dei Dei nynorske festspela i Ørsta fredag. Programleiaren for barneprogrammet Superblokka på NRK P1 var den stolte vinnaren av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013. I takketalen siterte han mor si om at det er lettare å vinne i lotto enn å få nynorskprisen for journalistar.

-Dette er ufatteleg stort for meg. Eg føler det litt som eit barn sa til meg ein gong han var så kry over noko han hadde gjort og sa at han var sjalu på seg sjølv. Onkelungane har laga krune til meg i dag for dei trur eg har blitt nynorskprins, sa prisvinnaren då han fekk prisen under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag.

Kommentator Tom Hetland i Stavanger Aftenblad delte ut prisen og sa at Christian Wiik Gjerde har stått for god formidling av dialekt og nynorsk til barn gjennom radioprogrammet Superblokka på NRK P1. Programmet blir sett på som oppfølgeren til den populære Barnetimen.

Møter barna med respekt

– Christian Wiik Gjerde møter barna med respekt og openheit på ein vennleg måte og byr gjerne på seg sjølv og sine opplevingar. Slikt blir det gode samtalar og god radio av, sa Hetland som også la vekt på at prisvinnaren har brukt god og levande nynorsk på nettsidene til NRK Super.
-Christian Wiik Gjerde har gjort ein prisverdig innsats for at barn i både boksmåls- og nynorskområde tidleg får eit naturleg forhold til det nynorske språket, sa Tom Hetland under prisutdelinga i Ørsta. Juryen hadde fått inn 28 kandidatar til prisen som i år vart delt ut for åttande gong.

Starta karrieren i Førde

Prisvinnaren starta si karrire i NRK som nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde.
-Dørene opna seg for meg i Førde. Eg hadde aldri vore der eg er i dag utan grunntreninga i journalistikk frå NRK Nynorsk mediesenter, meiner Christian Wiik Gjerde. Prisvinnaren, som kjem frå Tjørvåg på Sunnmøre, er 32 år og brukar nynorsk og dialekt i alle programma sjølv om dei fleste born som deltek i Superblokka snakkar austlandsdialekt.
Ungar har ikkje språklege fordommar

– Eg snakkar norsk og er meg sjølv. For meg er nynorsk verdas vakraste og rikaste språk. Eg sender ei varm takk til NRK Super som verkeleg satsar på dialekt og nynorsk. Ungar har ikkje språklege fordommar og forstår alt, seier Wiik Gjerde som involverer barn i alle radioprogramma som går kvar yrkedag og laurdag. Superblokka har blitt særs populær blant ungar, men blir også lytta til av mange vaksne før TV-kvelden starar for alvor klokka 19.

Brenn for nynorsk

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Den stolte vinnaren er sikker på at han kjem til å brenne endå meir for språket sitt etter tildelinga på Ivar Aasen-tunet i Ørsta på fredag.

-Eg heiter Christian Wiik Gjerde. Eg er nynorskprinsen 2013 og skal med handa på hjartet vere ein god ambassadør for nynorsken resten av livet, jubla prisvinnaren frå Tjørvåg på Sunnmøre.