12. juni 2013

Nynorskpris til Christian Wiik Gjerde i Superblokka

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i 2013 til programleiar Christian Wiik Gjerde. Han får prisen for god bruk av dialekt og nynorsk i notidas barnetime, Superblokka i NRK P1.

Superblokka– Det er ikkje alltid journalistar tek barn på alvor når dei skal lage reportasjar med ord frå barnemunn, ofte kan det virke viktigare å få ein artig kommentar enn å få vite kva barnet tenkjer og meiner. I Superblokka tek Christian Wiik Gjerde borna på alvor på ein heilt annan måte. Det krev ikkje berre forståing for og erfaring med barn, men også journalistisk teft og kløkt. Han møter dei venleg, ope og med respekt, og byr gjerne på seg sjølv og eigne opplevingar. Det blir det gode samtalar og god radio av, seier juryen i grunngjevinga for prisen.

– Eg er utruleg glad, dette er heilt herleg! Dialekten min og nynorsken, er identiteten min.  Språket mitt er Christian, og det er heilt uaktuelt for meg å ”pynte på” det. Nynorsk er for meg verdas vakraste og rikaste språk! jublar Christian Wiik Gjerde.

Barn har ikkje fordommar

– Eg snakkar norsk, det er klart dei forstår meg! I motsetting til mange vaksne har ikkje barn fordomar mot nye ord. Om vi skal skåne folk frå ein dialekt fordi vi er redd for at barn ikkje forstår, misser vi til slutt språket og forståinga. Barn forstår langt meir enn vi trur.  Språk og dialekt er ein kulturarv som skaper identitet for barna våre, seier Gjerde.

Christian Wiik Gjerde (1981) kjem frå Tjørvåg i Herøy kommune, Møre og Romsdal. Han var lærar før han vart rekruttert inn i NRK gjennom NRK Nynorsk mediesenter. Gjerde brukar dialekt og nynorsk med den største sjølvfølgje, og skriv nynorsk på nettsidene til NRK Super.

Juryen legg vekt på at dette medfører at born frå både nynorsk – og bokmålsområde tidleg får høyre nynorsk i radio og på nett. Vi møter nye ord kvar dag og kvart år heile livet. Orda gjer verda større og vi veks sjølve gjennom dei. Dette gjeld ikkje minst ungar, for dei er orda ei dør til den store verda. Motsett mange vaksne, har ikkje borna fordomar og motvilje til å lære seg nye ord – tvert imot er dei forvitne og vil lære seg så mange som råd er.

Ros til NRK Super

– Det verkar som om NRK Super har teke dette inn over seg dei seinare åra. Dialektmangfaldet er stort, fleire av dei utanlandske filmane som blir sendt i barne-tv, er dubba med dialektar, ofte med fleire ulike dialektar i same program. Dei mange programvertane, anten dei er menneske eller dokker, brukar dialekt på ein trygg og naturleg måte. Ikkje berre i Superblokka, men også i barne-tv, Super-quiz, Supernytt og andre program. Dette er svært viktig og gledeleg, meiner juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar.

I juryen er NRK-journalist Gry Molvær leiar. Ho har med seg Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 28. juni