5. juni 2020

Nynorskpris til NRKs Eivind Molde

Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Det var ein svært overraska prisvinnar som fredag fekk prisen tildelt på NRK Marienlyst i Oslo.

– Tusen tusen takk, dette var utruleg overraskande, sa Eivind Molde då han forstod at han fekk prisen.

I 2019 innfridde NRK, for fyrste gong, stortingsvedtaket frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk i NRK. For å nå det målet har NRK drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande journalistar i NRK, og Eivind Molde er i høgste grad ein del av det grunnfjellet, heiter det i fråsegna frå juryen.

– Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, sa Molde vidare.

Tryggare enn ordboka
– Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Eivind Molde brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet. Han lagar stoff til alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille vanskelege forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar, skriv juryen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Eivind Molde har arbeidsstad. Det var juryleiar Solveig Barstad som delte ut prisen.

– Eivind er tryggare enn ordboka, sa nyheitsdirektør Helje Solberg i sin tale under tildelinga.

– Jobben din har teke deg rundt heile kloden, ja faktisk til Antarktis. Klimajournalistikken din har sett tydelege spor. Det er fint at denne prisen går ikkje berre til ein god journalist, men til ein som hjelper andre. Folk som må gjere seg forstått i kuling og regn, som må stå støtt. Det gjer du, sa Solberg til prisvinnaren.

Føredøme for andre
Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. I år kom det inn 36 framlegg om 26 namn og kunstverket som følgde prisen i år var eit trykk av grafikaren Karen Helga Maurstig. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide, NRK, var den fyrste vinnaren. I fjor var det Kjersti Mjør i Bergens Tidende som fekk prisen.

Om prisvinnaren
Eivind Molde er oppvaksen i Gulen i Ytre Sogn. Han gjekk gymnas på Os og var i unge år lærarvikar på Os og vikar i NRK Hordaland. Frå 1984 arbeidde Molde som lærar i Alta,der han var med på å starte opp Alta nærradio. Sommaren 1989 var han vikar i NRK Dagsnytt og frå 1990 fast tilsett same stad. Sidan den gongen har Molde arbeidd i NRK. Eivind Molde er medforfattar av fleire bøker om friluftsliv i Oslomarka.

Juryen
I juryen for nynorskprisen for journalistar er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar i TV2. Elles sit Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, i juryen. .

Tidlegare prisvinnarar:
2019 – Kjersti Mjør, Bergens Tidende
2018 – Harald Thingnes, NRK
2017 – Jens Kihl og Guri Kulås, Klassekampen
2016 – Jon Hustad, Dag og Tid
2015 – Jan Zahl, Stavanger Aftenblad
2014 – Ingunn Solheim, NRK
2013 – Christian Wiik Gjerde, NRK
2012 – Katrine Sele, Firda og Hilde Sandvik, Bergens Tidende
2011 – Njord V. Svendsen, Bergens Tidende
2010 – Astrid Brekken, NRK
2009 – Ronny Brede Aase, NRK
2008 – Odd Reidar Solem, TV 2
2007 – Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen
2006 – Linda Eide, NRK