22. oktober 2019

Nynorskprisen auka til 75.000 kr

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert frå 2020 på kr. 75.000 og eit kunstverk. Prispengane har vore 50.000 kr. sidan fyrste prisutdelinga i 2006. Fristen for å kome med framlegg til prisvinnarar er 1. april 2020, og prisen vert lyst ut på denne nettsida og Kulturdepartementet si, og i tillegg på Fjesboka og instagram.

I juryen for prisen er programleiar Solveig Barstad i TV 2 leiar. Ho har med seg språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk, ved Det Norske Teatret og professor Øystein A. Vangsnes, ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var departementet si gåve til mediesenteret då det vart opna 2. september 2004. Sjå meir om prisen her

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein journalist dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk. Og som er eit føredøme for andre. Desse har fått prisen frå 2006 til 2019:

2019: Kjersti Mjør, journalist i Bergens Tidende.
2018: Harald Thingnes, journalist i NRK Sport.
2017: Jens Kihl og Guri Kulås, journalistar i Klassekampen.
2016: Jon Hustad, journalist i Dag og Tid og debattant i Underhuset, TV 2.
2015: Jan Zahl, journalist/kommentator i Stavanger Aftenblad.
2014: Ingunn Solheim, nyhendeanker i NRK Dagsrevyen og programleiar for Debatten i NRK 1.
2013: Christian Wiik Gjerde, programleiar for Superblokka i NRK P1.
2012: Katrine Sele, journalist i Firda, og Hilde Sandvik, kommentator i Bergens Tidende.
2011: Njord V. Svendsen, journalist i Bergens Tidende.
2010: Astrid Brekken, programleiar og journalist i NRK P2.
2009: Ronny Brede Aase, reporter/platepratar i NRK P3.
2008: Odd Reidar Solem, nyhendeanker i TV 2.
2007: Kjell-Erik Kallset, kommentator og leiar for politisk avdeling i Dagsavisen.
2006: Linda Eide, journalist i NRK.