4. februar 2019

Nynorskprisen for journalistar 2019

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert lyst ut i byrjinga av mars og fristen for å sende inn framlegg er 1. april. Det er viktig å skrive ei grunngjeving for kvifor kandidaten din bør få prisen. Juryen skal ha møte 6. mai.

Er du redd for å gløyme å sende inn framlegg så kan du alt no sende dei til: nynorskmediesenter@nrk.no Merk framlegget med Nynorskprisen 2019.

I juryen for prisen er Solveig Barstad, i TV 2, leiar. Ho har med seg professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø/Høgskulen i Sogndal, og Inger Johanne Sæterbakk, som er språkkonsulent på Det Norske Teatret.

Juryen for nynorskprisen for journalistar skal ha møte i Førde måndag 6. mai. Kven som får prisen vert kunngjort 8. mai og prisen vert delt ut i Aasentunet 14. juni.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Han har vore delt ut sidan 2006. Totalt er det 15 prisvinnarar til no, ni menn og seks kvinner. Åtte av dei er journalistar i aviser og sju i radio og fjernsyn. Prisen har vore delt to gonger.