20. august 2015

Nysatsing for NRK

Skal reise rundt i el-bil og dekke valet på sosiale medium.

Gunnhild Årdal er sentral i ei nysatsing i NRK Sogn og Fjordane. Fram til valet skal ho på vegen i ein ny El-bil og dekke valet for sosiale medium.

– Eg gler meg til å køyre rundt og snakke med folk om val seier Gunnhild til NRK Sogn og Fjordane si nettside.

Sosiale medium vert stadig viktigare, både for politikarar, media og folk flest. I årets val vil NRK forsøke å vere til stades på fleire plattformer, med emneknaggen #nrkvalg.

Gunnhild var nynorskpraktikant i vår og har no fått jobben med å drive journalistikk på ein litt ny måte for NRK.

Viktig med ung reporter

Redaksjonsjef i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske seier det er viktig for dei å kunne sende ein ung reporter på vegen.

– vi trur det er betre å sende ein ungdom enn ein erfaren eldre journalist når vi skal kome i kontakt med ungdomen. Og då blir det ofte naturleg å leite blant dei tidlegare nynorskpraktikantane.

Men også opplæringa frå Nynorsk mediesenter var ein viktig kvalifikasjon seier Fauske.

– på mediesenteret får dei opplæring i bruk av mobiltelefon som verktøy både for tekst, bilete og video. Og dei får innføring i journalistikk for sosiale medium, dermed veit vi at praktiktane frå NRK Nynorsk mediesenter vil takle ein slik litt ny type journalistikk.

Turen startar med ein tur til miljøkommunen Eid torsdag, så her skal det i alle fall vere lademoglegheiter. Her skal Trine Skei Grande snakke til elevane ved Eid vgs. om kvifor det er viktig at ungdom engasjerer seg.

Eid kommune er ein av 20 kommunar som er med på ei prøveordning med røysterett for 16-åringar.

Gunnhild

– Kom gjerne med vidare innspel til kvar vi bør reise og kven vi bør snakke med seier Gunnhild i det bilen summar avgarde frå parkeringsplassen til NRK Sogn og Fjordane!