8. februar 2012

Nytingsekspertar og morgonfuglar

Vi nærmar oss avreise til Oslo og NRK på Marienlyst. Med i bagasjen har vi to dagars tv-erfaring. Etter ei kjapp opplæring i tv-kamera og redigering har vi fått prøve oss som både fotografar, regissørar og skodespelarar, gjerne på ein gong. Wilhelm, Hans-Olav og eg øvde oss første dagen på utefilming. Prinsippa for filming verkar […]

Vi nærmar oss avreise til Oslo og NRK på Marienlyst. Med i bagasjen har vi to dagars tv-erfaring. Etter ei kjapp opplæring i tv-kamera og redigering har vi fått prøve oss som både fotografar, regissørar og skodespelarar, gjerne på ein gong.

Wilhelm, Hans-Olav og eg øvde oss første dagen på utefilming. Prinsippa for filming verkar mykje som for eit vanleg kamera. Ein må vere minst like mykje på hogget når det gjeld riktige innstillingar som gjerne må endrast på same tid. Kvitbalanse, vater og sebrastriper… alt skal takast omsyn til.

Etter ein rask gjennomgang av dei første opptaka sette vi oss ned og planla tysdagen, då vi skulle lage ei heilt ordentleg tullesak. Wilhelm, Raymond og eg hadde mange idear til historier vi kunne fortelje gjennom kamera, nokre meir eigna enn andre. Vi forkasta ideen om eggutklekking og bestemte oss for å følgje to sambuarar med ulike morgonrutinar, Wilhelm og Raymond. For å binde saka saman tok vi med Ingunn, nytingsekspert og forskar på morgonrutinar.

Halve dagen gjekk med til opptak. Gode inn- og utgangar må til i ei tv-sak, og tek tid å filme. Heldigvis hadde vi planlagt nokså godt, sjølv om replikkar og slikt måtte improviserast. Det var moro å vere både bak og framfor kamera, sjølv om eg kjende meg ein smule klein (eg finn ikkje noko betre ord her!) som nytingsekspert Ingunn Rauk. Rollene flaut litt i kvarandre når alle tre skulle leike fotografar og spele noko liknande seg sjølve samstundes.

Men resultatet vart fint, det. Ein grundig planleggingsfase gav ein takknemleg jobb ved klippebordet. Redigeringsprogrammet verkar litt plundrete, men det skal nok gå seg til med øving, slik det har vore med programma for radio og nett.

No er dei andre i full gang med å fotodokumentere bedriftene våre her på Loftet. Vi er i skrivande stund over halvvegs i tida vår her oppe. Om ein månad er vi alt i internpraksis nede på desken.

Men først skal vi til hovudstaden!