13. april 2012

Nytt høve – søk no!

Søndag 15. april er fristen for å søkje plass på det syttande kullet med nynorskpraktikantar. Nytt høve. Har du søkt før er det inga hindring. Mange nynorskpraktikantar har søkt fleire gonger før dei kom inn.  Er du nynorskbrukar og har lyst til å bli journalist er dette staden for deg. Journalistar er ofte av det slaget som gjer […]

Søndag 15. april er fristen for å søkje plass på det syttande kullet med nynorskpraktikantar. Nytt høve. Har du søkt før er det inga hindring. Mange nynorskpraktikantar har søkt fleire gonger før dei kom inn.  Er du nynorskbrukar og har lyst til å bli journalist er dette staden for deg.

Journalistar er ofte av det slaget som gjer alt i siste liten. Dei må ha ein tidsfrist for å bli ferdige. Det speglar seg og av når dei søkjer stillingar. Søknadane kjem siste dagen. Difor er det eit nerveslit å vente på søkjartala til NRK Nynorsk mediesenter!

Start i august 20.august skal det syttande kullet vårt byrje på opplæringa i Førde. Her skal dei få inn det grunnleggande i fire månader, før dei reiser til andre redaksjonar etter nyttår. Og når halvåret er over 1.mars må dei syte seg sjølve med arbeid. Men i handa har dei eit vitnemål som gjev dei fortrinn til jobbar i NRK, berre dei er gode nok.

For å bli det er det viktig med både talent og stor eigeninnsats. Dette er ikkje ein teoriskule, men opplæring i å lage saker for radio, fjernsyn og nett. Frå fyrste dag av er det eit mål at sakene skal bli så gode at dei kan sendast.

NRK Sogn og Fjordane Faglærarar og gjesteførelesarar gjev den grunnleggande innføringa dei fyrste to månadane, i journalistikk, nynorsk som mediespråk, data og teknikk. Opplæringa skjer i nært samarbeid med redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane, som har ala opp mange dyktige journalistar i NRK og er vane med å ta mot nye folk heile tida. Dei røynde journalistane og vaktsjefane tek dei under vengene sine og gjev dei nye utfordringar kvar dag, meir krevjande etter kvart som evna til å meistre dei veks.

Etter fire månader i Førde er nynorskpraktikantane klare for to månader i ekstern praksis, som regel i andre avdelingar i NRK. Det noverande kullet skal starte på dette 2. mai. Dei skal til NRK Møre og Romsdal, NRK Dagsnytt, utanriksredaksjonen i NRK, Nitimen/Reiseradioen og Kulturhuset vi NRK P2.

73 prosent er i media Sidan starten i 2004 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 75 nynorskpraktikantar, og vel 73 prosent av dei er i media. Nær 50 er tilsette i NRK. Du kan og bli ein av dei, men fyrst må du søkje. Du finn lysinga her