23. august 2012

Nytt og ukjent

Mitt fyrste blogginnlegg! Dette er nytt for meg. Eg blar fort igjennom nokre kjende bloggar på nettet, men finn ikkje inspirasjonen eg leitar etter. Eg innser no at dette halvåret kjeme til å by på mykje nytt som eg aldri har vore bort i før. Kva er det eg har gitt meg ut på? Eg prøvar å ikkje la panikken ta heilt over, […]

Mitt fyrste blogginnlegg! Dette er nytt for meg. Eg blar fort igjennom nokre kjende bloggar på nettet, men finn ikkje inspirasjonen eg leitar etter. Eg innser no at dette halvåret kjeme til å by på mykje nytt som eg aldri har vore bort i før. Kva er det eg har gitt meg ut på? Eg prøvar å ikkje la panikken ta heilt over, eg må trass alt prøve å verke roleg overfor dei andre praktikantane. Eg ser meg rundt på loftet her vi sit framfor kvar vår PC. Alle er stille, den einaste lyden eg høyrer er raske tastetrykk frå dei andre. Dei er visst godt i gang med sine blogginnlegg.

Eg skrur på radioen, og høyrer kjende stemmer frå ettermiddagssendinga. Om nokre veker er tanken at våre eigne radioinnslag skal sendast på lufta. Akkurat no gjer denne tanken meg ganske nervøs, men heldigvis har vi eit tabbearkiv her i NRK Sogn og Fjordane, som stadfestar at sjølv den mest erfarne journalist kan ende opp der. Eg smiler for meg sjølv når eg tenkjer på nokre av desse klippa.

I dag har vi fått prøve oss som reporterar, og har intervjua fleire av medlemmane i redaksjonen. Etter å ha overkome frykta for mikrofonen, kan radioreportasjane tyde på at vi allereie har lært ein god del denne veka. Eg nytta høvet til å spørje tidelegare praktikantar om råd for tida framover. Beskjeden var klar, vi har mykje å glede oss til, og må tørre å sleppe oss lause! Her er altså utfordring nummer ein, og så vert det spennande å sjå kva som skjer vidare.