12. mars 2012

Oh-la-la France!

Eg nemnde i førre innlegg at Linda Eide skulle kome på besøk. Og ho kom i dag, med brask og bram og alternative måtar å fortelje historier på, slik ho gjer det i Norsk attraksjon. Vi fekk spørje om nesten alt vi lurte på om programmet, frå planlegging og budsjett til rekvisittbruk og kor mange […]

Eg nemnde i førre innlegg at Linda Eide skulle kome på besøk. Og ho kom i dag, med brask og bram og alternative måtar å fortelje historier på, slik ho gjer det i Norsk attraksjon. Vi fekk spørje om nesten alt vi lurte på om programmet, frå planlegging og budsjett til rekvisittbruk og kor mange raude grilldressar av merket Diadora Eide eigentleg eig.

På spørsmålet om bruk av musikk i programmet var Eide meir enn villig til å leggje ut. Norsk attraksjon nyttar mykje obskur og mindre obskur musikk frå minst fire tiår tilbake, helst av typen Grand Prix-schlägers.

For Eide er visst ein svoren tilhengar av songkonkurransen, vel å merke slik han var tidlegare, før det vart Eurovision-fesjået vi kjenner i dag, av glitter og fjas og hektisk kameraføring. Ikkje for det, eg har sidan tidleg 1990-tal sett pris på ein god Grand Prix-finale, sjølv om eg ikkje heilt skjønar poenget med alle dei nymotens delfinalane.

Men det er faktisk noko i at dei gjorde dette betre før. Då dei let kameraet kvile på artisten og let han eller ho stå ganske stille og framføre songen sin om havet, døden eller kjærleiken, eller noko anna. Som her, her og her, kjenningen som opnar kvart avsnitt av Norsk attraksjon.

Og som i 1965, då France Gall vann for Luxembourg med Poupée de cire, poupée de son. Eg er veldig glad i France Gall sine songar frå 1960- og til dels 70-talet. Serge Gainsbourg rokk å skrive fleire slagerar (er dette den korrekte termen for populære songar frå denne tida?) for den unge jenta før samarbeidet tok slutt. Årsaka var at Gainsbourg gjekk for langt i å gjere Gall til songrør for det som kunne oppfattast som ein upassande og beint fram grisete bodskap. Gall kjende seg brukt og utnytta i ettertid. Sjå & høyr & døm sjølv Les sucettes.

Eitt år etter Les sucettes song Gainsbourg sjølv den meir eksplisitte Je t’aime… moi non plus med kjærasten Brigitte Bardot, seinare med ektemaken Jane Birkin. Denne var lenge forboden i fleire radiostasjonar, eg er elles usikker på om min noverande arbeidsgjevar var ein av desse.

Uansett er songane signert Gainsbourg for Gall, om dei er uskuldige eller frekke, noko av det finaste og franskaste eg veit. Eg veit dessverre ikkje om så mange som er einige, eller har noka meining om saka i det heile, sjølv om mange kanskje har fått med seg April March sin versjon av Laisse tomber les filles, spelt i Kill Bill Vol. 2.

Difor set eg pris på at Eide tek ansvar og spreier den glade Grand Prix-bodskapen i Norsk attraksjon (i følgje Eide sjølv eit gladkjensleprogram). Lytt til lydspora, og høyr spesielt godt etter neste gong du ser Linda Eide rulle nedover ein grasbakke, ei fjellside, eit stupebrett eller operataket i Oslo. Då er det France Gall som syng om å vere ei dokke laga av voks eller sagspon. (Eg er usikker på om dette kjem inn under songtemaet «kjærleiken» eller «noko anna».)

For sjølv om det ikkje kjem nye sesongar av Norsk attraksjon, så kjem nok reprisen av serien til å rulle og gå (jadå) i lang tid framover. Dei siste programma fekk dei høgaste sjåartala i serien si historie.

Ryktet fortel også at Eide er i gang med nye sprell som sikkert kjem til ein skjerm nær deg om ikkje uuthaldeleg lang tid. Håpar eg. Og då håpar eg også på eit medvite og gladkjenslefremjande lydspor, à la La-la-la.