24. september 2013
av Randi Indrebø

O`hei kor det går!

Hei igjen!

Dagen med logoped gjekk kjempe fint og det var veldig kjekt! 🙂

(Blogginga held fram under biletet)

1187181_735517649795131_169236767_n

Det var heldigvis ikkje så mykje eg måtte endre på, men eg fekk mange gode tips! Så no kan eg øve meg på å snakke endå betre.

På biletet over kan du sjå ei øving vi fekk for å få stemma betre. Vi laga blåselydar gjennom eit røyr som var i ei flaske med lunka vatn. Det såg veldig rart ut – men det funka som berre det!

Sidan sist har vi lært oss å skrive saker på nett, hatt fotokurs, kurs om intervjuteknikk…og mykje meir.

Vi har og vore på helgeseminar til Balestand! Det var kjekt!

(Blogginga held fram under biletet)

bilde

Eg har og laga nettsak og nyheitssak på radio om rekordhøge tal på søknader om tilskot etter vinterskade på eng i Sogn og Fjordane! Her intervjua eg assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær som presenterte dei nye tala for meg.

Eg var og på teater i Fjordane Tingrett. Det var ei sterk oppleving, og eg lærte mykje. Her måtte eg hugse å både ta opp lyd til situasjonar, ta bilete, intervjue og filme. Krevande, men veldig lærerikt. Radiosaka er her, medan nettsak kan du lese her.

(Blogginga held fram etter biletet)

_MG_7641

No skal vi i gong med TV! Wææææææ, neida – går nok fint det og 🙂

No skal eg ut i sola! Trur eg reiser til fjells! 

Tale.