20. august 2018

Ollis seld til engelsk forlag

Ingunn Thon si debutbarnebok «Ollis» er seld til eit engelsk forlag, melder Samlaget i ei pressemelding. – Det kjennest som ein skikkeleg stor dag. Eg hadde ikkje trudd at Ollis skulle ende opp i dei britiske barnebokhyllene, som rommar så mykje fint. Ho kjem til å vera i ekstremt godt selskap! seier forfattar Ingunn Thon.

– Ingunn Thon sin strålande litterære debut Ollis blei i rekordfart seld til fleire land. At boka no også skal ut i ein av verdas viktigaste bokmarknadar, er stort. Ei engelsk utgjeving er også ein viktig døråpnar for at boka skal nå endå fleire språkområde, seier Evy Tillman, litterær agent i Oslo Literary Agency.

Boka er så langt seld til seks språk: dansk, engelsk, georgisk, italiensk, tyrkisk, tysk.

Ingunn Thon (f. 1986) er frå Ål i Hallingdal og arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Barne-TV. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter. Her gjekk ho på kull 10 våren 2009.