27. august 2010

Om blogging, NRK Nynorsk mediesenter og barmfagre blondiner

Blogging har for meg vore noko som har vore øyremerka tenåringsjenter, pr-kåte å-kjendisar og glamourmodellar (no går kanskje dei fleste glamourmodellar inn under kategorien å-kjendis, men det får verte ein diskusjon i ein annan blogg). No skal altså eg òg kaste meg ut i dette, og kva kategori av dei som er nemde ovanfor eg høyrer […]

Blogging har for meg vore noko som har vore øyremerka tenåringsjenter, pr-kåte å-kjendisar og glamourmodellar (no går kanskje dei fleste glamourmodellar inn under kategorien å-kjendis, men det får verte ein diskusjon i ein annan blogg). No skal altså eg òg kaste meg ut i dette, og kva kategori av dei som er nemde ovanfor eg høyrer til i vil eg igrunnen ikkje tenkje så mykje på 🙂

Fyrste veka hjå Nynorsk mediesenter er straks over. Det har vore ei innhaldsrik veke med mykje informasjon som skal takast inn og bearbeidast. Eg har igrunnen vore mest som eit slakt kvar ettermiddag, og har difor ikkje fått gå laus på Førde med den iver og lyst som denne vesle vestlandsbyen sikkert fortenar.

Etterkvart som ENPS, Maycom, Digas og journalistiske grep og verkemiddel kjem meir eller mindre av seg sjølv reknar eg med å ha meir overskot til både eitt og anna.

Dette er vel det ein kan kalle eit stusseleg blogginnlegg, men ein gong må som kjent alltid vere den fyrste, og nett som med overskotet reknar eg med at det vert meir av blogginga mi òg etterkvart som dette vesle hønsehovudet mitt får tid og kapasitet til å tenkje ut noko fornuftig, eller aller helst morosamt, å skrive.

Utan å framstå som ein stor fan av actionfilmsjangeren, som innvolverar sci-fi effektar, barmfagre blondiner og «kleine» replikkar, vel eg å avslutte med desse velvalgte ord fyrst framført av sjølvaste Schwarzenegger: Eg kjem attende.

KK