18. oktober 2010

Om glitter, glam og glamour på Aasen-tunet

Førre onsdag vende ei «stjerne» heim. Omtrent 15 år etter at eg gjorde mi… kremt… livs rolle som «Ivar Aasen som born» var eg tilbake på Aasen-tunet. Minna var mange og strøymde på! Eg var ikkje reint lite spent i det eg gjorde meg klar for å vise fram mine gamle kunster på film til medpraktikantar […]

Førre onsdag vende ei «stjerne» heim. Omtrent 15 år etter at eg gjorde mi… kremt… livs rolle som «Ivar Aasen som born» var eg tilbake på Aasen-tunet. Minna var mange og strøymde på!

Eg var ikkje reint lite spent i det eg gjorde meg klar for å vise fram mine gamle kunster på film til medpraktikantar og faglærarar. Skuffelsen var sjølvsagt enorm i det det vesle utdraget frå filmen gikk mot slutten og eg innsåg at eg var rett og slett var brutalt klippa bort!

Kam 4 (71)

Eg og Vegard vender attende til magien frå innspelinga. I rolla som Ivar Aasen som tiåring: Meg og i rolla som nyfødt lam: Vegard T. Foseide. Foto: Hans Kristen Hyrve

Salmesongen og boktrykkinga, ja til og med mitt eige stunt som involverte krevjande scener med dyr (eit lam, men kven bryr seg vel om detaljar) var redusert til tre sekund rett før rulleteksten. Eit plaster på såret var sjølvsagt på sin plass. Min eigen oscarstatuett i form av eit kaffikrus vart høgtideleg overrekt av direktør Ottar Grepstad. No manglar eg berre ei peisehylle å setje det på!

Kam 4 (67)

Min Oscar = kaffikoppen frå Aasen-tunet. Fekk også ei notatblokk, men eg såg raskt at dette var eit billig triks for å få autografen min. Foto: Hans Kristen Hyrve

I lys av min gjenerobra stjernestatus vurderar eg kva diva-nykker eg skal ta til meg… å kome eit par timar for seint til jobb kvar dag framstår med eit som eit naturleg nykke, men forslag vert tekne imot med stor takk:)

Resten av veka var eigentleg som ein indisk gryterett. Ei god blanding av alt mogleg med andre ord.

Måndag og tysdag var det tv-opptak og redigering. Saka eg laga saman med Hans Henrik og Hilde var om handveven som kanskje er i ferd med å døy ut. Vil du sjå reportasjen så kan du klikke HER

Torsdagen var «bulleteng-dag» og vi gjorde vårt beste for å lese nyheiter, klart, tydeleg og utan alt for mange kremt, host og talefeil. Sjølv følte eg på eit tidspunkt då eg miste stemma at eg kunne komme til å ende opp som Ingvild Bryn gjorde i dette klippet HER. Det gikk heldigvis tåleleg bra.

Ein får alt anna enn kvilepuls i det faglærar Tone Lin erklærer at vi skal ha TURBODAG på Nynorsk mediesenter. Og turbodag det vart det på fredagen. Alt vi har lært så langt skulle testast ut på løpande band! Tidsfrist, tidsfrist, tidsfrist! Det var utruleg stressande men også fantastisk tilfredsstillande i det eg innsåg at eg faktisk klarte å levere eit produkt innan fristen på alle øvingane!

Då kunne eg ta helg med godt samvit, og det gjorde eg faktisk! 😉

sushi

Sushi, god drikke og gode vener og familie i Bergen i helga. Her representert med bilete av nydeleg sushi. Foto: Karl Kristian Langeland