5. oktober 2010

Om hausten, Mette Marit og spegelreflekskamera

Hausten er kontrastar. Fargespelet går frå den isblå himmelen til dei mørkeraude blada på treet utanfor vindauget mitt. Graset som gulnar og den kvite nysnøen i fjella. Alt vert så mykje tydelegare med kontrastar. Og kontrastar er viktig på TV. Veldig viktig. Denne veka har vi byrja med TV-produksjon. Eg har knapt nok tatt i eit […]

Hausten er kontrastar. Fargespelet går frå den isblå himmelen til dei mørkeraude blada på treet utanfor vindauget mitt. Graset som gulnar og den kvite nysnøen i fjella. Alt vert så mykje tydelegare med kontrastar.

Og kontrastar er viktig på TV. Veldig viktig. Denne veka har vi byrja med TV-produksjon. Eg har knapt nok tatt i eit videokamera, og alle knappane, hjula og framandorda er ein smule avskrekkande. Takke meg til ein enkel lydopptakar.

Eg får seie som HKH Mette Marit: «æ har en fortid» og den er i Radio. Der har eg lært å tenkje på korleis ein skapar gode bilete på radioen. No skal eg lære meg korleis ein skaper gode bilete på fjernsynet. Eg oppsummerer kjapt: Vanskeleg.

Mykje av det er jo det same som på radio. Ein må ha situasjonar, syncar osv. Det som er nytt er at eg no må ha nærbilete, halvnært bilete, oversikts bilete, panorering og det som verre er. Det er uvant, krevjande, forbanna irriterande, men samstundes utruleg spennande. Det er heller ingen fare når Randi, som er sjølve definisjonen på tolmod, stiller opp så snart vi står faste.

Vi skal også lære oss å ta gode stillbilete med digitalkamera. Også her slit eg litt føler eg. Det er så mange faktorar ein må ta omsyn til, så mange hjul som må skruast på, så mange innstillingar som må finstillast, og slikt har eg rett og slett ikkje tolmod til. Nokre gonger tek eg meg sjølv i å lengte attende til då vi hadde eit kompakt-kamera og biletet vart som det vart, einaste ein kunne gjere noko med var faktorar som sollys og biletkomposisjon. Men så vart kanskje ikkje kontrastane like tydelege då heller.

Eg skal difor bite tennene saman, smørje meg tolmod og verkeleg lære meg triksafor åverte ein god fotograf. Fram til det får dykk klare dykk med bilete eg har tatt med auto-funksjonen på mitt eige spegelreflekskamera, eller med iPhonen min. Ikkje sei det til nokon, men eg tykkjer faktisk dei vert ganske så fine dei òg 😉

IMG_0886