21. september 2010

Om seniordans, Oslo Børs og kvardags-egoisme

I førre blogginnlegg lova eg å kome med eit eige innlegg om saka eg lagde på seniordansen i Førde. Saka vart til slutt sendt på lufta og eg har fått god tilbakemelding på ho, både frå kollegaer, frå folk som har vore med på seniordansen og frå folk som berre har høyrt den. Det viser at […]

I førre blogginnlegg lova eg å kome med eit eige innlegg om saka eg lagde på seniordansen i Førde. Saka vart til slutt sendt på lufta og eg har fått god tilbakemelding på ho, både frå kollegaer, frå folk som har vore med på seniordansen og frå folk som berre har høyrt den. Det viser at det er rom for slike såkalla «uviktige» saker i ein elles så travel mediekvardag. Og innslaget mitt frå seniordansen kan du høyre her, og under kan du sjå bilete av dei to glade seniorane som så sporty stilte opp.

Elisabet-Muri-og-Moses-Sand

Eg har sagt det før og eg seier det igjen; Eg vil slå eit slag for dei små tinga som livet består av.  Nyheiter om spionasje, korrupsjon, vald og daud er for all del viktig å få fram, men det vert kanskje i overkant vel mykje for mange av oss. Iallefall for meg. Det betyr ikkje at eg er mindre intelligent enn andre eller at eg bryr meg mindre om andre, men nokre gongar må ein ha små frikvarter i den store og travle mediekvardagen. Har ein ikkje det ser ein seg til slutt blind på alt som vert presentert oss og som stort sett er negativt og kritisk vinkla. Og det er då det byrjar å verte farleg, og det er då vi til slutt ikkje maktar å vise verken engasjement eller interesse for dei store og vitkige sakene kring oss.

Saka eg lagde om seniordansen veltar nok aldri ei regjering, den får nok heller ingen konsekvensar for Oslo børs, men eg håpar den kan vere med på å få fram eit smil eller to hjå dei som høyrer på. Eg trur vi treng meir smil og latter i kvardagen vår, kanskje meir enn nokon gong før. I dagens samfunn vert verda mindre og mindre og når vi dermed får konfliktar, krig og usemje enda «tettare» på oss enn tidlegare treng vi små pusterom. Det er verken egoistisk eller umenneskeleg å ta seg ei pause frå krig og elende ein gong i blant. Eg vil faktisk seie at det er heilt naudsynt for å kunne klare å ta innover oss all den tunge, og nokre gonger ubehagelege, informasjonen.

Men desse sakene som gjev oss litt pusterom, som kan få fram smilet i oss, og kanskje få oss til å sjå at det trass alt finns mykje godt i verda òg, slepp diverre sjeldan til. Noko seier meg at det er journalistane sjølve som er årsaka til dette. Kanskje ser dei ikkje nok prestisje i å lage slike saker? Det ventar kanskje ikkje like mykje ros på ein journalist som lagar sak om eit spanande prosjekt i ein barnehage, som på ein journalist som avslører politisk utruskap. Det er kanskje ikkje like viktig heller vil mange meine.

Når eg ser smilet og latteren som vert lokka fram hjå dei eldre på seniordansen slår det meg at dette er ei tilbod fleire burde nytte seg av. Kanskje fyrst og fremst alvorstunge nyheitsjournalistar.