26. oktober 2010

Om skigåing, direktesending og full panikk i skiløypa

Eg skulle ha mi fyrste direktesending (som du kan høyre her) i dag tidleg, og eg var spent som aldri før. Eg sette alarmen på vekking ein halv time før det var naudsynt, og avtalte med mamma at ho skulle ringe å vekke meg om eg ikkje hadde klart å stå opp. Den biten gikk fint. […]

Eg skulle ha mi fyrste direktesending (som du kan høyre her) i dag tidleg, og eg var spent som aldri før. Eg sette alarmen på vekking ein halv time før det var naudsynt, og avtalte med mamma at ho skulle ringe å vekke meg om eg ikkje hadde klart å stå opp.

Den biten gikk fint. Kom meg både i dusjen, på kjøkkenet og på jobb i god tid. So far so good som det heiter på godt norsk.

Oppdraget var som følgjer: Ta med deg ”HF-sendaren” (den vesle sekken med stor antenne på som sender lyd direkte til studio), stikk opp i lysløypa og lær deg å ploge og å skøyte på ski… på direkten.

Enkelt tenkjer sikkert du, men det var det altså ikkje. For det fyrste måtte eg finne denne lysløypa, noko eg ikkje klarte i stummande mørke. Eg køyrde fram og tilbake, ringte febrilsk rundt for å få hjelp, og klarte til slutt å finne både løypa og Arthur Hegrenes.

I det eg fekk parkert bilen og tatt ut HF-sendaren, ringer Eli frå studio. ”Du skal på om 5 minutt altså, og vi høyrer ingenting av deg ifrå studio. Har du fått opp HF`en?”. Sjølvsagt hadde eg ikkje det.

(Bloggen held fram under biletet)

KONTRASTAR: Biletet står i sterk kontrast til det dramaet som utspant seg i morgontimane oppe i lysløypa på Langeland. Foto: Karl Kristian Langeland

Antenna på dette vidunderet av ei teknisk nyvinning sa takk for seg og datt av. Eg måtte difor halde antenna med ei hand, og mikrofonen med den andre. Framleis ingen lyd. Minutta går. Eg skrur og vrir febrilsk på knappar i håp om å få kontakt. Ringer til sentralbordet og håpar nokon kan gje meg eit svar. 2 minutt til sending.

Som ved eit mirakel og med god hjelp av Eli og Gro i studio fekk eg HF`en opp å gå akkurat i det eg skulle på, og med eit godt intervjuobjekt som Arthur Hegrenes gikk det veldig bra. Både fyrste gongen eg var inn, men spesielt den siste.

Eg storkoste meg på direkten! Det er verkeleg noko eg likar og kunne tenke meg å jobbe meir med. Eg elskar at ein kan vere litt meir personleg på direkten, bruke seg sjølv og ha ein litt uhøgtidleg tone. Slikt vert det levande radio av. Håpar at du som høyrte (eller kanskje høyrer no) på saka også synes det!

Dagen i dag var ei god erfaring for meg. Same kor godt ein planlegg kan ting forandre seg eller gå på tværa. I dag gjorde det det, men det gikk jo fint likevel! Ikkje minst innser eg at eg har utruleg mykje igjen å lære, men det kjem seg litt, dag for dag.

Anne-Kat. Hærland sa ein gong: No har eg fylt tretti år, og eg greier framleis ikkje å lære av feila mine, og no gidd eg ikkje å prøve lenger.

Heldigvis har eg nokre år att til fylte tretti J