12. oktober 2010

Om usemje, teori og praksis

Førre veke hadde vi besøk av Eva Westvik som skulle lære oss om Tv-kommentaren. Eg må seie at eg synes det er ei skam at Eva ikkje er kjend utanfor NRK-systemet, for betre læremeister har eg sjeldan vore borti. Ikkje berre er ho sjølv drivande dyktig, men ho har ein evne til å lære frå […]

Førre veke hadde vi besøk av Eva Westvik som skulle lære oss om Tv-kommentaren. Eg må seie at eg synes det er ei skam at Eva ikkje er kjend utanfor NRK-systemet, for betre læremeister har eg sjeldan vore borti. Ikkje berre er ho sjølv drivande dyktig, men ho har ein evne til å lære frå seg kunnskapen sin som er meir enn beundringsverdig.

Det var utruleg morosamt å sjå korleis vi praktikantane på berre ein liten dag gjorde enorme sprang framover når det kom til Tv-kommentaren. Frå å knapt nok ha tid til å puste i innslaga våre til å nesten få for mykje plass å snakke på.

Dei tre dagane med Eva gjekk utruleg fort, og før vi viste ordet av det var fredagen og helga komen. Når måndagen kom kom også testen. Lag dykkar eiga Tv-sak. Frå å berre ha lagt kommentar til ferdige saker skulle vi no lage saker heilt sjølve og frå starten av.

FORTEL: eit bilete fortel meir enn tusen ord, det gjeld spesielt i Tv-samanheng. Her ser du den siste oppfordringa Eva gav til oss praktikantane på fredag.

Det er noko heilt anna med Tv enn med radio. Her spelar både lyd og bilete inn, og på Tv må dei attpåtil matche kvarandre. Det vart ei utfordring. Ikkje berre det å planlegge og gjennomføre det, men også det å skulle samarbeide med to andre for å få det til. Sjølv om det er stas å vere saman om eit produkt, er eg nok av den typen som likar best å gjere ting sjølv. Det gjekk uansett på eit vis, og alle tre virka vi til å vere ganske nøgde med resultatet og med det vi har lært av denne øvinga.

Eg har i alle fall lært at å gjere noko i teori er noko heilt anna enn å gjere det i praksis, også innanfor Tv-mediet.