2. oktober 2015
av Magni Øvrebotten

Operatur til Nordfjordeid

Denne veka var praktikantane med faglærarar på premiere av Maskeballet på Opera Nordfjord på Nordfjordeid. Før stykket starta var det tid for mat på Didriks kafé på Nordfjordeid.

Even, Thomas, Terje og KjerstiNokre av praktikantane dekte oppsettinga for NRK Sogn og Fjordane

– Me laga ei sak der me følgde ei jente som dansar ballett i operaen både før og etter framsyninga. Det var veldig kjekt å sjå korleis ho budde seg til premieren, seier Line Omland Eilevstjønn.

Kjersti Anderdal Bakken syntest også det var gøy å få med seg framsyninga.
– Eg er veldig imponert over Opera Nordfjord. Heilt ærleg hadde eg ikkje venta eit operahus her. Dette var stas!

Thomas Brakstad blei positivt overraska.
– Eg har aldri vore på opera før. Det eg syntest var det mest spanande var å sjå korleis aktørane presterer på scenen.