6. september 2013

Spennande veker

Hei igjen.

Tredje veka nærmar slutten. Veldig imponert så langt. Det gjeld både NRK SF, våre lærarar og oss praktikantar. Det går i ekspressfart.

Eg vil gjere skam på eit legendarisk sitat for å skildre den fyrste tida: Aldri har så få lært så mykje av så få på så kort tid. Det er utruleg spennande. Veldig intenst. Og ganske slitsamt. Kan etter berre tre veker, rå alle som tenkjer på det til å søkje på jobben som nynorskpraktikant.

No har eg laga to tunge saker, seier dei som har greie på det. Så i dag skal eg lage ein reportasje med eit lettare preg.

I helga vert det jarnsti (via ferrata) i Odda – skal vitje Trolltunga.

Ha det bra.