13. april 2014
av Magni Øvrebotten

Oslotur med praktikantgjengen!

I byrjinga av mars fekk vi praktikantane reise på tur til Oslo og Marienlyst. Det var ein veldig lærerik tur der vi blant anna fekk møte tidligare praktikantar og høyre om kva dei hadde gjort i tida etter praktikantkurset.

bilde 4

Den Norske Opera & Balletts hus i Bjørvika.

I byrjinga av mars fekk vi praktikantane reise på tur til Oslo for å besøke sjølvaste NRK Marienlyst. Det var veldig spennande å ta turen til Marienlyst og sjå korleis dei jobbar der. I tillegg fekk vi møte ein del av dei tidligare nynorskpraktikantane som i dag jobbar under ulike redaksjonar på Marienlyst. Det var veldig lærerikt å snakke med dei tidligare praktikantane om erfaringane dei hadde gjort seg, og kva dei hadde jobba med sidan tida i Førde.

I tillegg fekk vi rote oss vekk i dei mange gangane på Marienlyst, besøke dei ulike avdelingane og redaksjonane, og få eit innblikk i korleis dei jobbar der. Den eine dagen fekk vi også bli med Olav Viksmo Slettan då han skulle rapportere direkte frå Den Norske Opera & Balletts hus i Bjørvika. Det var interessant å sjå at ein jobba på ganske like måtar både på Marienlyst som i Førde. Det gir litt ekstra tryggleik når vi no byrjar å nærme oss slutten på tida her i Førde, og starten på ekstern praksis ein annan stad. Då veit ein at den kunnskapen ein lærer her kan nyttast uansett kvar vi endar opp.

bilde 5

Guro møtte på to kjende fjes som gjerne ville posere for eit bilete.

 

Sjølv syns eg det er godt å ha dette med seg i «sekken» når vi no blir spreidd for alle vindar. Guro skal til Kulturnytt og Oddbjørn til Salongen, så begge blir i ekstern praksis på Marienlyst. Halvor skal vere her i NRK Sogn og Fjordane, Liv Ragnhild skal til Trondheim for å jobbe i Her og Nå, medan eg skal til NRK Møre og Romsdal. Eg både gruar og gler meg til dei komande månadene. Det blir veldig spennande å kome til ein annan redaksjon og oppleve korleis dei jobbar der, men eg kjem også til å savne folka og tida her i Førde. Redaksjonen her er fylt av utruleg mange flinke journalistar, og sidemannen på desken kan alltid hjelpe dersom det skulle vere noko.

bilde 2

Frå venstre Guro, Liv Ragnhild og Marte(tidligare nynorskpraktikant) er klare for Nytt på Nytt.

 

bilde 3

Ein av kveldane fekk vi vere publikum under innspelinga av Nytt på Nytt.