22. november 2018

Over 100 har vore på kurs – og fleire skal det bli

Bortimot 120 NRK-journalistar har det siste året vore på nynorskkurs. Og fleire skal det bli; neste år er endå fleire kurs på trappene i NRK.

-Rune og Noralv gjorde ein strålande innsats for nynorsken i Stavanger. Dei var engasjerte, kunnskapsrike og entusiastiske. Det smitta over på mine, som har gjeve gode – nokre jamvel svært gode – tilbakemeldingar etter nynorskkurset. Vi klarte å lausrive til saman 19 stk frå ein hektisk kvardag til dei to kursa, seier distriktsredaktør Ragnar Christensen.

Denne veka var kurshaldarane Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu på besøk i redaksjonen til NRK Rogaland, der journalistar og redaksjonsleiarar benka seg til kurset “Skriv endå betre nynorsk”. Denne hausten har også distriktskontora på Lillehammer og og i Ålesund hatt besøk av den omreisande nynorskduoen.

Tilrår kurset for fleire

Det som starta opp som eit prøveprosjekt har no enda opp med å vere eit internt kurstilbod for heile NRK. Berre i løpet av 2018 har godt over 100 personar vore med på kursa. I vår var redaksjonar på Marienlyst og Porsgunn med på kurset. Og tilbakemeldingane har så langt vore positive:

Oppfrisking er veldig bra. Det trong eg!

 

Veldig lettfordøyeleg pedagogikk!

 

Nyttig påminning om reglar!

 

Ikkje kjedeleg for oss litt mindre nerdar!

 

Veldig gode formidlarar!

-Eg vil absolutt tilrå dette kurset også for nynorskbrukarar. Det er lenge sidan dei fleste av oss har vore på skulebenken, og det er viktig at vi også kan kjenne på den språklege tryggleiken. Det er gjerne vi som blir spurde når dei andre sit fast, seier Ragnar Christensen.

Eit knippe av dei nesten 20 journalistane og leiarane som var med på nynorskkurset i Stavanger.

Jobbar for å klare 25 prosentmålet

Bakgrunnen for nynorskkurset er «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018», der det vert tilrådd kurs for å styrkje nynorskkompetansen i NRK. På oppdrag frå språksjefen har NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane gått saman om å gjennomføre kursa internt i organisasjonen. Emna for kurset er NRK sitt ansvar for nynorsk, nynorskrettskrivinga 2012, kjenneteikn på ein god nynorsktekst, bokmålssmitte, korrekt språk og godt språk.

Kurshaldarane har fokus på ein lett og god tone, munnleg undervisning og små øvingar undervegs. Dei har også ein spennande Kahoot-kviss. Målet er å gjere folk stødigare i nynorsk, slik at fleire dristar seg frampå med nynorske tekstar.

– Stortinget har vedteke at NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer, men vi har dei siste åra dessverre sett at pilene peikar feil veg. Eg håpar vi med dette kurset kanskje kan inspirere og gje folk sjølvtillit nok til at fleire vil skrive nynorsk, seier faglærar og kurshaldar Rune Fossum Lillesvangstu.

Tilbyr endå fleire kurs i 2019

Målgruppa for kurset er såkalla «sovande nynorskbrukarar», bokmålsbrukarar på NRK.no og andre nettredaksjonar og nynorskjournalistar som treng oppfrisking av målforma si.

– Det var nesten litt fantastisk å få eit kurs midt i arbeidstida der vi vart inviterte til å tenkje høgt saman omkring språket generelt og nynorsk spesielt. Og ein må ikkje vere nynorskbrukar for å ha glede av dette kurset. Bokmålsfolk må og kunne nynorsk, særleg i NRK, og dessutan er godt og tydeleg språk ei like viktig oppgåve på begge målformer, sa kursdeltakar Elin Helgheim etter at kurset vart halde i Bergen.

Språksjefen vil ha fleire kurs i 2019. Ho meiner tiltaket er viktig for språkarbeidet i NRK og oppmodar alle redaksjonar om å arrangere språkkurset.

– Å ha gode lærarar er viktig. Det hugsar vi alle frå skuledagane. I Rune og Noralv har vi to dyktige lærarar som underviser med smil og humør. Begge er storarta pedagogar. Noralv legg vekt på både grammatikk og god flyt i språket, og han har også ein kort del om kommareglar. Det er ein fordel at Rune har bokmål frå grunnskulen i Molde. Det gjer at han har eit ekstra innsyn i kva som kan vera vanskeleg når bokmålsfolk skal læra seg nynorsk, seier Ingvild Bryn.

Noralv Pedersen held kurs for redaksjonen i Ålesund.