5. februar 2020

Over 30 søkte – Solveig fekk jobben

Solveig Nyhus Aksnes har fått fast jobb ved NRK sitt distriktskontor i Ålesund.

– Det er veldig stas å bli fast tilsett i NRK Møre og Romsdal, seier Solveig Nyhus Aksnes.

Nyleg lyste NRK Møre og Romsdal ut to faste stillingar, og då var Aksnes éin av 31 søkjarar. Blant kandidatane var det alt frå journalistar til snikkarar, lærarar og programleiarar. Éin av stillingane gjekk altså til den tidlegare nynorskpraktikanten.

– Eg set veldig stor pris på at dei valde å satse på meg blant så mange gode kandidatar til jobben, seier Aksnes.

Solveig Nyhus Aksnes var nynorskpraktikant på kull 29 i 2018-19 og har arbeidd i Ålesund etter at ho hadde praksis der. Før ho vart nynorskpraktikant hadde ho teke ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Solveig kjem frå Haramsøya på Sunnmøre.