26. september 2018

P3-Ronny vart engasjert av praktikantsak om russekort

– Det er provoserande for meg, sa Ronny Brede Aase i morgonsendinga på P3 då han høyrde nyheita, som er laga av Elise Kvien, praktikant på kull 29.

Nynorskrussen må betale hundre kroner ekstra for å skrive «raudruss» på russekortet, i tillegg må dei designe resten av kortet sjølv.

– Det går an å ta to bokstavar samfunnsansvar for å likestille nynorsk- og bokmålsbrukarar, seier Ronny Brede Aase.

Artikkelen om russekort er ei av fleire saker kull 29 har fått på riksflatene i NRK. Denne gongen vart saka publisert på fronten. I tillegg vart det laga TV-sak som gjekk i Vestlandsrevyen, og radioreportasjen vart send i P3 i tillegg til sendingane til NRK Sogn og Fjordane.