14. oktober 2013

På besøk til ulike NRK-redaksjonar

Kvart kull reiser på tur til NRK på Marienlyst for å besøke ulike redaksjonar og sjå kva tidlegare praktikantar held på med. Denne gongen var det ekstra kjekt å kunne kome i Nitimen. Begge programleiarane, Karl Kristian Langeland og Birte Njøsen Horne, er tidlegare nynorskpraktikantar.

Ingunn Rauk, Susanne Egset og Simon Solheim

Ingunn Rauk, Susanne Egset og Simon Solheim

Dei fleste tidlegare praktikantane held til i nyheitsavdelinga. Og på den heilt ferske oppdateringsdesken var det tilfeldigvis tre eks-praktikantar på same vakt.  Ingunn Rauk, Susanne Egset og vaktsjef, Simon Solheim.

NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter samla til middag

NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter samla til middag

NRK FleRe har stipendiatar ein gong i året og dei brukar haustkullet å få treffe under Oslo-turen. Denne gjengen fann fort tonen.