9. januar 2013
av Magni Øvrebotten

På bussen til Førde

Onsdag 2. januar 2013 Det er sein ettermiddag og eg sit på sørgåande ekspressbuss nr 420. Kva er det har gjort, tenkjer eg idet vi passser Ørsta – allereie passe småkvalm. Eg har nemleg eit kvalmande forhold til Sogn og Fjordane. Bokstaveleg talt. Kvar gong eg tok rutebussen mellom Hordaland og Sunnmøre i løpet av […]

Onsdag 2. januar 2013

Det er sein ettermiddag og eg sit på sørgåande ekspressbuss nr 420. Kva er det har gjort, tenkjer eg idet vi passser Ørsta – allereie passe småkvalm.

Eg har nemleg eit kvalmande forhold til Sogn og Fjordane. Bokstaveleg talt. Kvar gong eg tok rutebussen mellom Hordaland og Sunnmøre i løpet av studietida, kom kvalmen krypande nærare og nærare idet eg kryssa fylkesgrensene. No skal det seiast at turen tek godt over ni timar på svingete vegar og at eg vert lett bilsjuk. Kvalmen er difor den mest påfallande kjensla eg har hatt når det gjeld dette grisgrendte fylket.  At eg difor skulle finne på å flytte til sjølve hjartet av kvalmebygene, nemleg stoppestaden Førde, er igrunn utenkjeleg.

Vendepunktet kom ved enden av Jølstravatnet. Drøyt fire timar etter avgang frå Ålesund fekk eg dratt opp systerprodusert grovbakst med kaviar. Det hjelpte. Samstundes fekk eg tilfeldig opp kultlåta Teenage Riot av Sonic Youth på øyretelefonane.  Minnene strøyma på frå dengong då eg leste om vestlandssurrealismen og høyrde på kunstrock i tenåra. Eg var så ung og nysgjerrig på den tida, men eg har visst ikkje endra meg så mykje likevel.

Det var nemleg ved Jølstravatnet at eg kika ut av bussvindauget og undra meg over alle heimane som ligg spreidd utover dei bratte fjellsidene. Kven bur der, kva gjer dei på og kvifor det?  Eg skjønte med eitt at eg faktisk hadde noko her å gjere – eg ville døyve nysgjerrigheita mi ein gong for alle.

Kvalmen var heilt borte då bussen svingte seg inn på rutebilstasjonen i Førde.

Epilog:

Etter ei drøy veke i Sogn og Fjordane er eg mange fakta rikare, men nysgjerrigheita berre aukar på i omfang.