18. mars 2013
av Magni Øvrebotten

På direkten

Skummelt. Det er det. Ein har nokre minutt til rådigheit og i løpet av den tida skal ein ha fanga lyttaren og ha prata med dei rette folka om dei rette tinga. Det tekniske må vere i orden og det er ikkje rom for verken nøling eller jernteppe. Ein utegåande reporter må ha kontroll. I […]

Skummelt. Det er det. Ein har nokre minutt til rådigheit og i løpet av den tida skal ein ha fanga lyttaren og ha prata med dei rette folka om dei rette tinga. Det tekniske må vere i orden og det er ikkje rom for verken nøling eller jernteppe. Ein utegåande reporter må ha kontroll.

I løpet av av dei siste to vekene har eg hatt fire direktesendingar og gjerne fleire bolkar i same sending. Eg var skrekkeleg nervøs i forkant av første gongen, men det gjekk heldigvis heilt greitt. Etter kvart vart eg gradvis meir skjerpa enn nervøs. Lærdomen er at det går bra så sant ein er høveleg førebudd.