13. november 2019

På farten med nynorsk til Drammen og Bergen

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu held fram arbeidet med å inspirere journalistar til å skrive betre nynorsk. Denne veka var den omreisande duoen i Drammen, der journalistar frå NRK Buskerud og Khrono var med på kurset. Laurdag går turen til Bergen og fagdagen til NRK region vest.

– Det er alltid kjekt å møte engasjerte journalistar og snakke om nynorsk. Språket er jo kanskje det viktigaste arbeidsverktøyet vårt, seier Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu.

Kurshaldarane var denne gongen inviterte til NRK Buskerud, der dei sette opp to kurs på tre timar i løpet av arbeidsdagen. I tillegg til reporterar frå distriktskontoret, hadde dei og funne plass til tre journalistar frå kunnskapsavisa Khrono. Det vart mange gode diskusjonar om kva som skal til for å skrive god nynorsk.

No set Pedersen og Lillesvangstu kursen mot Bergen, der dei skal vere med på fagdagen til NRK region vest. Utfordringa dei har fått er å formidle «Betre språk på 45 minutt».

– Det er kjekt å få halde innlegg på fagdagen. Vi merkar at det er medvind og positivitet rundt nynorsk i NRK om dagen, seier kurshaldarane.

Det som starta opp som eit prøveprosjekt har no enda opp med å vere eit internt kurstilbod for heile NRK. Kurshaldarane har mellom anna vore innom Bergen, Lillehammer, Porsgrunn, Trondheim, Stavanger og Ålesund – i tillegg til ulike redaksjonsmiljø på Marienlyst. Målgruppa for kurset er såkalla «sovande nynorskbrukarar», bokmålsbrukarar på NRK.no og andre nettredaksjonar og nynorskjournalistar som treng oppfrisking av målforma si.

Over 200 NRK-journalistar har vore på nynorskkurs sidan Pedersen og Lillesvangstu starta opp.

KURSHALDARANE: Noralv Pedersen (t.v.) og Rune Fossum Lillesvangstu held nynorskkurs i NRK.