8. mars 2013
av Magni Øvrebotten

På rakkadeisen i Sosslo

Som eg allereie avslørte i overskrifta var me for nokre veker sidan på rakkadeisen i Oslo. Sundag 24. februar ramla praktikantgjengen (minus Trond Espen), saman med faglærar Tone Lin, inn på hotel Gyldenløve i Bogstadvegen. Me var klare for å utforske NRK Marienlyst. På måndagen starta me dagen med morgonmøte i Dagsrevyen og dagsnytt, etterfulgt av […]

Som eg allereie avslørte i overskrifta var me for nokre veker sidan på rakkadeisen i Oslo.

Sundag 24. februar ramla praktikantgjengen (minus Trond Espen), saman med faglærar Tone Lin, inn på hotel Gyldenløve i Bogstadvegen. Me var klare for å utforske NRK Marienlyst.

På måndagen starta me dagen med morgonmøte i Dagsrevyen og dagsnytt, etterfulgt av møte med tidlegare praktikantar. Etterpå måtte me sjølvsagt sjekke ut studioet; Oslo4

(Eg har fått høyre at eg har eit blikk som festar seg både her og der, i tider og utider. Det kan nok stemme.)

Etter å ha vandra rundt i huset, som forresten minner meir om ein labyrint, enn eit kontor, ramla me plutseleg over eit spanande rom… Nemleg NRK sitt eige kostymelager. Her gjekk me bananas!

Oslo2

Trond Espen fann brått eit hundehovud.

Oslo5

Etterpå fann han eit kaninkostyme, noko som både eg og Vegard lot oss inspirere av. Inger Johanne gjekk derimot i Trond Espen sine fotspor, og enda opp med eit hundeliv, medan Alla fekk eit akutt Michael Jackson-anfall.

Sidan gjekk turen vidare til NRK Super, der me fekk møte både Fantorangen og Flode Flodhest.

Tysdagen starta me hjå P3Morgen, etterfulgt av ein tur innom sportsavdelinga. Dagen enda med lunsj i kantina saman med tidlegare praktikantar som held seg på huset.

Sjølv om eg veldig gjerne skulle hatt fleire dagar på å utforske dei tusen romma på Marienlyst, fekk eg mykje med meg på to dagar. Det var utruleg spanande, og ikkje minst inspirerande å få sjå alt frå innsida.

Oslo3