6. september 2013

På sjette veka

Me har ikkje akkurat kjeda oss medan me har vore her. Ikkje det at eg likar å kjede meg, men det er no liksom det ein skal seie når ein har hatt det travelt. Me har fått gjort og lært veldig mykje på kort tid. Noko av det eg har fått vere med på finn du linkar til her.

Den fyrste saka eg laga var om Førde seniorkor og song som helsefremjande tiltak. Det var kjekt å få redigere ei sak med mykje lyd, og det var spesielt kjekt at dei fyrste eg intervjua her var så hyggelege og villige til å snakke med meg: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf02017513/02-09-2013#t=2h3m3s

Her ligg ei sak om mobilbruk i skulen. Den var litt vanskelegare å redigere enn seniorkorsaka. Her skulle eg hatt eit tydelegare fokus før eg gjekk ut. Men så lærte eg av det òg: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf01018313/12-09-2013#t=40m52s

Det ser ut til at FrP kjem i regjering, og det kan få konsekvensar for den planlagte Førdepakken. Dette var vel det fyrste telefonintervjuet eg tok. Saka om det finn du her: http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf02018813/19-09-2013#t=1h22m50s

Før helga fekk eg vere med på noko veldig kjekt. Eg var med på eksamensøvinga til fire redningshundar og har no bestemt meg for å byrje trene opp min eigen. Eller kanskje vertfall. Saka om auka etterspurnad etter redningshundar finn du her:  http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/dksf02018913/20-09-2013#t=2h11m44s

Eg har fått vere med på ei heimevernøving og fått høyre litt om dei nye oppgåvene dei lyt ta seg av. Her er ei nettsak om det: http://www.nrk.no/sognogfjordane/heimevernsstyrken-er-halvert-1.11235561

Det er fint å få treffe så mange nye menneske som vil fortelje om noko av det dei er opptatt av. Så langt er det kanskje ei av dei beste sidene ved jobben.