3. mai 2019

Permisjon for å skrive bok

Faglærar Rune Fossum Lillesvangstu skal ha permisjon i mai for å byrje på boka om Førde idrettslag, som vert 100 år i 2020. – No handlar det mest om å få tak i gamle bilete og folk som veit noko om den fyrste tida. Det eg kallar innsamlingsfasen. Eg lyt nok ha meg eit par månader til med permisjon for å levere manus til sommaren 2020, seier Rune Fossum Lillesvangstu.

Boka om Førde irettslag kjem til 100-årsjubileet hausten 2020, og det er Selja forlag som gjev ho ut på oppdrag frå idrettslaget. – Det vert inga historiebok frå A til Å, men ei bok med historier og bilete, litt inspirert av den boka Tambarskjelvar IL fekk laga seg til 100-årsjubileet sitt, sier Rune Fossum Lillesvangstu. Han gav i 2017 ut ei bok om idrettsheltar frå Sogn og Fjordane, også den på Selja forlag.

Når mai er over skal Rune arbeide i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane fram til ferien, for å halde seg oppdatert som både journalist og faglærar. Når ferien er over byrjar kull trettiein 19. august.