18. oktober 2010

Pilegrimsferda

I lukkerus over å vere framme kyssa Vegard Foseide bakken. Nynorskpraktikanten frå Fræna var endeleg heime.- Det eg følte då eg kom opp bakkane til Aasentunet kan ikkje beskrivast med ord, seier Foseide.Praktikantane vitja heimplassen til landsmålsfaderen utanfor Ørsta i førre veke. Alle var nyfikne, men nokon kom med ekstra store forventningar.Stolt stilte den ivrigaste praktikanten […]

I lukkerus over å vere framme kyssa Vegard Foseide bakken. Nynorskpraktikanten frå Fræna var endeleg heime.- Det eg følte då eg kom opp bakkane til Aasentunet kan ikkje beskrivast med ord, seier Foseide.Praktikantane vitja heimplassen til landsmålsfaderen utanfor Ørsta i førre veke. Alle var nyfikne, men nokon kom med ekstra store forventningar.Stolt stilte den ivrigaste praktikanten seg opp foran kamera. Alt skulle dokumenterast.Først saman med direktør Ottar Grepstad:

Så framfor motiv som kunne likne Aasen sjølv:

Og ved Aasen si byste – Fræna-guten sitt alter:

Sjølv meiner eg at omvisninga i tunet gav ny respekt for landsmålsfaderen. Men kva med å lage ein ny film om hovudpersonen sjølv?Nynorsken kjem ikkje til å gå ut på dato. Men filmen om Ivar Aasen frå 90-talet, som praktikantane fekk sjå under besøket, er kanskje litt overmoden. Ivar Aasen er kjent som opphasmannen til den moderne nynorsken. Kva med å lage ein litt meir moderne film om han, bare for å halde tritt i tida?Og sjølv om praktikant Karl Kristian Langeland ei kjent stjerne frå filmen, bør nok rolla hans på lerretet vike plass for andre talent.

Karl Kristian Langeland speler Ivar Aasen som born, og klappar sau i filmen som er å sjå i Aasentunet. Under turen til Ørsta fekk han rekonstruere situasjonen med stand-in-sau Vegard Foseide.Men der Aasentunet skrantar på filmen, er dei frampå med god reklame og tøffe salseffekter i Ivar Aasen-butikken.Språkforskaren Aasen, som snart har 200-årsjubileum, fortalde nok aldri om gnagsåra han fekk på sine lange turar landet rundt. Men ei truse som dette ville han nok ikkje takka nei til: