https://nynorskmediesenter.no/Pirke-kake
25. januar 2013

Pirke-kake

 – Sjokoladekaka viser korleis vi har hatt det denne veka, seier praktikantane Adalheidur Oldeide og Hanne Våge, og overleverte ei «pirke-kake» til faglærarane. Denne veka har praktikantane produsert mange radiosaker som er blitt evaluerte og evaluerte og evaluerte…

Etter tre veker og to dagar på loftet har praktikantane fått god erfaring med læringsmetoden «å lære det ved å gjere det». Dei tekniske verktya for radioarbeid er innarbeidde og oppbygging av saker er grundig gjennomgått.

Neste veke byrjar nettopplæringa, og då blir det forventa at dei skal lage nettsaker i tillegg til radiosakene. 

– Vi gler oss til å lære meir nytt, seier praktikantane, trass i at dei forventar meir pirk framover. 

Faglærarane ser fram til neste kakeoverskrift.