• Du er her: »
  • Aktuelt »
  • Pølsefylling og den vesle, tjukke mannen i underbuksa: å kome på ein idé
10. mars 2014
av Randi Indrebø

Pølsefylling og den vesle, tjukke mannen i underbuksa: å kome på ein idé

Sjå for deg dette: Du sit som journalistspire og tyggjer på ein idé til ei sak, men klarar ikkje kome fram til ein snedig måte å løyse den på.

Og brått er han der. Den vesle, tjukke og skitne mannen som i berre underbuksa kjem brasande ut av eit vindskeivt og skrøpeleg skur oppi hjernen din ein stad. Det er Kreativiteten. Han hoppar, skrik og sprett, slår seg på låret, riv seg i håret og ropar ut idear.

Men motrøyrsla kjem straks på banen. Dei heiter Fornuft, Fasit, Oppskrift og Konvensjonar. Dei ignorerar heilt det den vesle, tjukke mannen seier, og peikar heller forferda på underbuksa hans. Då snur den vesle, tjukke mannen på hælen, går inn i skuret sitt og slamrar med døra så dei sprikande plankane skjelv. Og så låser Kreativiteten seg heilt.

Det viktigaste for Fornufta, Fasiten, Oppskrifta og Konvensjonane er nemleg «å fylle pølsa». Dei har radiohøgtalarar, TV-skjermar, avispapir og nettsider å fylle med journalistiske arbeid. Dei måte vite at dei kan stole på du får til å gjere jobben innanfor rammene som Fornufta, Fasiten, Oppskrifta og Konvensjonane representerar, og leverer godt og kjapt. Det er derfor dei kjem, peikar og skremmer vekk Kreativiteten. Dei veit ikkje heilt korleis dei skal handtera han sidan han alltid insisterar på å vere så utruleg annleis. Dei synest liksom ikkje dei kan stole heilt på han.

Men dersom du vågar å høyre etter kva den vesle, tjukke og skitne mannen i underbuksa ropar til deg, og forsvare han overfor den pølsestappande delen av hjernen din, kan det hende du ender opp med eit aldeles strålande stykke journalistisk arbeid som ikkje berre fyller, men òg risikerer å sprengje heile pølsensabben.

Dei forrykande språklege bileta om kreativitetsmannen og «å fylle pølsa» har eg stelt frå eit foredrag med Ole Johannes Øvretveit og Terje Gilleshammer for NRK Nynorsk mediesenter.