16. oktober 2012

Posten og namn

For ei tid sidan fekk vi brev frå Posten, om merking av postkassar. Eg og han eg er gift med har budd der vi bur i 30 år, og hatt begge sitt namn på postkassen. Eg er av dei som aldri fann det naturleg å «ta hans namn» då vi gifta oss. Men no tek Posten […]

For ei tid sidan fekk vi brev frå Posten, om merking av postkassar. Eg og han eg er gift med har budd der vi bur i 30 år, og hatt begge sitt namn på postkassen. Eg er av dei som aldri fann det naturleg å «ta hans namn» då vi gifta oss.

Men no tek Posten affære og skal ha meg inn i folden. Vi har fått ein ferdig utfylt lapp vi skal klistre på postkassen vår. Der står mannen min sitt etternamn med STORE bokstavar øverst. I under står førenamnet hans. På neste linje etternamnet og førenamnet mitt, og deretter vegadressa vår.  Det er i fylgje Posten ein «tydelig merka postkasse»!

Medan ungane budde heime stod også deira namn på postkassen, og hjå oss har dei noko så uvanleg som mora sitt etternamn. Dotter vår har for lengst etablert seg på eiga adresse, medan son vår framleis er student. Det medfører at ein del post til han framleis hamnar hjå opphavet. Men hans namn har Posten kutta vekk, derimot er dotter vår framleis med, jamsides mora.

Eg prøvde å la tvilen kome Posten til gode, tenkte at det var fordi han kom fyrst i alfabetet at mannen min sitt etternamn vart sett som sjølve overskrifta på postkassen.  Men det var det ikkje, for når eg såg etter var alle nabokjerringane like «underordna», sjølv om etternamna deira var langt føre kallen sitt i alfabetet.

Posten er sikkert i pakt med tidsånda når det gjeld etternamn, men meg får han ikkje inn i folden. Kallen sitt namn skal få stå fyrst, sidan han er fyrst i alfabetet og eg er sist. Men namna kjem til å vere like store og stå jamsides.