4. november 2016

Praksisplassane for kull 25

Frå 4. januar til og med 28. februar 2017 skal kull 25 i ekstern praksis. Marte Iren Noreng Trøen (1990) skal til NRK Hedmark og Oppland, Anders Tesdal Galtung (1994) til NRK Hordaland, Krista Lien Indrehus (1989) til Norgesglasset i NRK P1, Josef Benoni Ness Tveit (1997) til NRK Nordland, og Kathrine Nygård (1993) til Superdesken og programmet «Skolefri» i NRK Super.

–  Det er kjekt at nynorskpraktikantane spreier seg så godt utover i NRK som Lillehammer, Bergen, Trondheim, Bodø og Oslo. Tre på distriktskontor og to på riksnettet. På dette viset får mange redaksjonar nytte av dei vi lærer opp, seier Magni Øvrebotten.

Kull 25 har for tida praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, på nett, sosiale media (some), radio og fjernsyn. Der er dei ferdige til jul. Dei byrja på opplæringa/praksisen i Førde 22. august i år og har hatt ei bratt lærekurve. – Vi sluttar aldri å bli imponerte over kor mykje unge folk er i stand til å lære seg på kort tid, seier Øvrebotten.

Her finn du meir om bakgrunnen til kull 25.