21. februar 2018

Praksisplassane klare for kull 28

Frå 2. mai til og med 30. juni skal kull 28 i praksis. Turid Astrid Reksten og Fredrik Johan Helland skal ha den i NRK Sogn og Fjordane. Reksten skal attende til jobben sin i Forsvaret frå 1. juli, medan Helland har fått sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Bente Kjøllesdal skal til NRK Hordaland i praksis, Sigrid Sivertsen Haugan til P3-desken på Tyholt og Anders Martin Helle til NRK Buskerud. Han har fått sommarjobb der etterpå.

– Vi har ei kjensle av at vi bestemme praksisplassane tidlegare og tidlegare for kvart kull. Særleg om våren, i von om at dei skal kome med i vurderinga av sommarjobbar, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. For fyrste gong på 28 kull skal ingen til NRK på Marienlyst i praksis.