23. oktober 2018

Praksisplassane for kull 29 klare

Frå 3. januar og ut februar 2019 skal kull 29 i ekstern praksis i andre redaksjonar i NRK. Dei byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane i dag og skal arbeide der til jul.

Frå venstre: Birgitte Vågnes Bakken (1993) skal ha praksisen sin i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, Ida Yasin Andersen (1992) skal til NRK Hordaland, Elise Kvien (1996) skal til P3-nyhenda på Tyholt, Solveig Nyhus Aksnes (1995) til NRK Møre og Romsdal og Ingvild Aleksandra Eide (1993) til NRK Hordaland.

– Dette er eit kull med nyhendefolk og vi har bedt om praksisplassar for dei etter det, seier Magni Øvrbotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho og faglærar Rune Fossum Lillesvangstu driv for tida med intervju av kandidatar til kull 30.