25. oktober 2019

Praksisplassane for kull 31

Denne veka byrja kull 31 i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der skal dei vere fram til jul. Frå 6. januar 2020 skal dei i ekstern praksis. Han varer ut februar og då er dei ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar. Då er vona vår at dei skal få halde fram i NRK, men fyrst må dei syne kva dei er gode for i det praktiske arbeidet i redaksjonane. Når dei er flinke nok handlar det ofte om å vere på rett plass til rett tid, og at det er ledige vikariat dei kan gå inn i.

Elias Håvarstein (1996) skal ha ekstern praksis i NRK Rogaland, Oda Elise Svelstad (1993) i Kulturnytt i NRK Nyhende, Lars Volldal (1987) i NRK Sogn og Fjordane, Vilde Gjerde Lied (1995) i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende og Hans Ivar Moss Kolseth (1995) i nettredaksjonen i NRK.no