13. oktober 2015

Praksisplassane klare

Denne hausten er det rekordtidleg avklara kvar nynorskpraktikantane skal i ekstern praksis etter nyttår. – Vi brukar å sjå dei meir an før vi bestemmer oss for kvar dei skal. Men denne gongen var fleire tidleg tydelege på kvar dei ynskte seg, og vi har trua på at dei vil klare seg godt i dei redaksjonane. Det er viktig å ha samsvar mellom ynskje og tru her, seier Magni Øvrebotten.

Elise Sundfør Erdal skal til Kulturhuset i NRK P2, Thomas Brakstad skal til NRK Sporten med mogelegheit for ein månad ekstra der etter avslutta praksis. Kjersti Anderdal Bakken skal til Norgesglasset i NRK P1, Tyholt, Even Lusæter til NRK Hedmark og Oppland, på Lillehammer og Line Omland Eilevstjønn til NRK Østafjells i Porsgrunn.

Kull 23 får opplæring og praksis i Førde til jul, og den eksterne praksisen er frå 4. januar til og med 29. februar 2016.