https://nynorskmediesenter.no/Praksisplassane klare for kull 16
29. mars 2012

Praksisplassane klare for kull 16

Raymond Lidal skal til Utanriks, Katrine Nybø til Dagsnytt, Hans-Olav Rise til NRK Møre og Romsdal, Ingunn Rauk til Kulturhuset i P2 og Wilhelm Støylen til Nitimen/Reiseradioen.

– I dag har vi endeleg fått avklara praksisplassane til heile kull 16, frå 30. april til 30.juni. Det er alltid eit puslespel å finne jamvekta mellom det dei ynskjer sjølve og det vi meiner dei kan klare, seier Magni Øvrebotten. Ho legg stor vekt på at dei skal få praksis i redaksjonar der dei kan få synt fram kva dei er gode for, og ikkje bryte nakken.

– Eg kjenner på eit stort ansvar her og har mykje vondt i magen på deira vegne. Ofte unødig, syner det seg. Men når dei ynskjer seg til redaksjonar dei enno ikkje er journalistar nok til å takle seier eg bestemt nei. Det er det journalistiske handverket dei vert vurderte på, og før dei kan det så nokolunde får dei ikkje synt alt det dei måtte kunne elles, seier Øvrebotten.

Per dags dato har NRK Nynorsk medisenter lært opp 75 nynorskpraktikantar, 73, 3 % av dei arbeider i media.