https://www.nynorskmediesenter.no/Praksisplassane klare for kull 18
5. mars 2013

Praksisplassane klare for kull 18

Kull 18 skal i ekstern praksis frå 29. april til 1. juli 2013. Adalheidur Oldeide skal til NRK Dagsnytt, Trond Espen Bjoland til NRK Hordaland, Inger Johanne Ruset til NRK Møre og Romsdal, Vegard Tjørhom til NRK Utanriks og Hanne Våge til P3nyhenda på Tyholt.

 – Det er fyrste gongen vi har avklara dei eksterne praksisplassane før praktikantane har byrja i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Vi gjer det for å vere så tidleg ute som råd og for å få ro kring kvar dei skal i praksis. Vanlegvis brukar denn evklaringa å kome to veker seinare. Men då er vi midt i påska i år, seier Magni Øvrebotten.

Den eksterne praksisen er dei to siste månadane av halvåret som nynorskpraktikantar, og gjennom internpraksisen i Førde skal praktikantane gjerast allsidige og dyktige nok til å makte utfordringane åleine i ein ny redaksjon.