26. april 2016

Praksisplassar og sommarjobbar for kull 24

Frå 2. mai til og med 30. juni skal kull 24 i ekstern praksis. Aleksander Åsnes skal til avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, Solveig Svarstad skal vere i NRK Sogn og Fjordane, May-Helen Rolfsnes i NRK Hordaland, Martha Våge skal til P3Morgon og Martin Torstveit til NRK i Telemark.

– Fire av fem praktikantar fått sommarjobb etter ekstern praksis. Aleksander Åsnes og Solveig Svarstad har fått sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane, May-Helen Rolfsnes i NRK Hordaland og Martin Torstveit i NRK Telemark, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Les meir om bakgrunnen til kull 24 her