21. februar 2019

Praksisplassane klare for kull 30

Dei fem nynorskpraktikantane på kull 30 skal i ekstern praksis frå 2. mai og til og med 30. juni. Dei skal til NRK Sporten, Supernytt og innanriksredaksjonen på Marienlyst, og til distriktskontora i Finnmark og Sogn og Fjordane.

Tonje Noreng Trøen (frå venstre) skal ha praksis i Supernytt, der dei lagar nyhendesendingar for born frå 8 til 12 år. Ho har fått seg sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Idunn Lavik skal til innanriksredaksjonen i NRK Nyhende. Ola Weel Skram skal ha praksis i NRK Sogn og Fjordane og har fått seg sommarjobb der. Ragnhild Voreland skal til NRK Finnmark i praksis og har søkt seg både sommarjobb og jobb der. Magnus Urup Helle skal til NRK Sporten i praksis og har fått sommarjobb der.

– Dei byrja på opplæringa som nynorskpraktikantar 3. januar i år og skal i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane frå 4. mars og ut april. Det seier seg sjølv at det er veldig tidleg å bestemme praksisplassar for dei alt no, men det må vi for å henge med. Det er rift om praksis i NRK, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.